Hokjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som finst i ein del språk. Norsk er eitt av språka der hokjønn finst, men ikkje alle norske dialektar har det. Nokre norske ord med hokjønn er jente, sol og hytte. Ord med hokjønn kan det stå ei framfor – ei jente, ei sol og ei hytte. I bunden form eintal har disse orda endinga -a: jenta, sola og hytta.
Faktaboks
- Også kjend som
-
hunkjønn
latin femininum, forkorta fem. eller f.
Dette genuset blir kalla hokjønn fordi substantiv som viser til menneske og dyr med det naturlege (biologiske) kjønnet hokjønn, ofte har dette genuset. Nokre døme på dette er dei norske orda jente, dotter, syster, ku, kvige, hoppe, simle. I tillegg til hokjønn har norsk også genusa hankjønn og inkjekjønn.
Kommentarar (3)
skreiv Sverre Olav Lundal
Mädchen er inkjekjønnsord fordi ordet er forminskingsform av hokjønnsordet Magd. Ord som sluttar -chen er inkjekjønnsord.
skreiv Rolf Theil
Takk for merknaden!
Eg kjenner sjølvsagt grunnen til at Mädchen ikkje er eit hokjønnsord, trass i tydinga. Men Mädchen er i alle høve eit unnatak frå regelen om at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, og her er dette hovudsaka. Det verkar ikkje rimeleg å gå meir inn på detaljar i tysk grammatikk i denne vesle artikkelen. Skiljet mellom Weib (inkjekjønn utan synkron grunn) og Mädchen (inkjekjønn av ein synkron morfologisk grunn) blir i denne samanhengen mindre relevant.
svarte Rolf Theil
Det blei ein feil i teksten over. Det skal stå:
"Men Mädchen er i alle høve eit unnatak frå regelen om at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, også har det grammatiske kjønnet hokjønn, og her er dette hovudsaka."
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.