Faktaboks

Også kjend som

madagassisk, malgassisk

Uttale

madagassisk

Språkkodar
mg, mlg (MG, MLG)
ISO-639:3
mlg

Gassisk er eit språk som blir snakka av litt over 18 millionar menneske på Madagaskar og mindre grupper på dei nærliggjande øyane Komorane, Réunion og Mauritius. Språket høyrer til den vest-malayopolynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Endonymet er malagasy /malaˈɡasi.

Gassisk er offisielt språk i Republikken Madagaskar ved sida av fransk.

Dialektar

Madagaskar med utbreiinga av merinadialekten i svart.
Merinadialekten – som er grunnlaget for det gassiske standardspråket – høyrer tradisjonelt heime i det svarte området.
Madagaskar med utbreiinga av merinadialekten i svart.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er vanleg å dele dei gassisktalande i 18 etniske grupper, og inndelinga i dialektar svarer i stor grad til desse gruppene. Dei viktigaste etniske gruppene – og diakektane – er:

  • merina, nordlege sentrale høgland; 7 548 000 talarar
  • betsimisaraka, austkysten, 3 270 000 talarar
  • betsileo, sørlege sentrale høgland, 1 400 000 talarar
  • tsimihety, nordlege høgland, 1 615 000 talarar
  • sakalava, vestlegevsavannar, 1 210 000 talarar
  • antandroy, sørlege tørre område, 1 300 000 talarar

Oppslagsverket Ethnologue reknar gassisk som eit makrospråk – med elleve forskjellige språk. Eit makrospråk er eit dialektkontinuum av sterkt varierande språkvarietetar som kan reknast som eigne språk ved at mange av dei ikkje er innbyrdes forståelege.

Det offisielle gassiske standardspråket – Malagasy Ôfisialy 'offisielt gassisk' – byggjer på merinadialekten, som historisk blei snakka i og omkring hovudstaden Antananarivo.

Historie

Den norske misjonæren og språkforskaren Otto Christian Dahl (1903–1995) viste i boka Malgache et Maanjan: Une comparaison linguistique (1951) at gassisk er nærmast i slekt med språket ma'anjan, som blir snakka i den indonesiske provinsen Sentral-Kalimantan på øya Kalimantan (Borneo). Folk frå dette området busette seg på Madagaskar i løpet av det første tusenåret evt., særleg på 600-talet.

Før 1800-talet blei gassisk lite brukt som skriftspråk, men når det blei skrive, brukte ein det arabiske alfabetet. Det eldste bevarte dokumentet med gassisk skrive i det arabiske alfabetet er ei gassisk-nederlandsk ordliste frå 1600-talet,

Europeiske misjonærar innførte det latinske alfabetet tidleg på 1800-talet. I 1823 vedtok kong Radama I at det latinske alfabetet skulle vere det offisielle alfabetet i det gassiske kongedømet, som på denne tida omfatta det meste av øya, bortsett frå nokre mindre område lengst i sør.

Den første gassiske boka skrive med det latinske alfabetet var Bibelen, som blei sett om til gassisk av britiske protestantiske misjonærar i 1835.

Gassisk blei tatt i bruk i utdanningssystemet i 1975, men berre i statlege grunnskular. Gassisk er dominerande i kringkasting og lokalaviser. Fransk, som er det einerådande i høgare utdanning, har hatt ein sentral posisjon sidan det gassiske kongedømet blei okkupert av Frankrike i 1896. Etter at Madagaskar blei sjølvstendig att i 1960, fekk franskmennene som budde der, status som den nittande etniske gruppa.

Etter ei folkeavrøysting i 1992 fekk gassisk status som nasjonalspråk i Den gassiske republikken.

Fonologi

Den gassiske stavinga er – unnateke i nokre få lånord – bygd opp av éin vokal eller éin konsonant pluss éin vokal, som i A.nta.na.na.ri.vo (den gassiske hovudstaden) og mpa.mpi.a.na.tra 'lærar', der stavingsgrensene er merkte med eit punktum.

Trykket ligg normalt på den nest siste stavinga i ordet, til dømes /a.nta.na.na.ˈri.vu/ Antananarivo.

Vokalar

Gassisk har dei fem vokalane /i e a o u/, som blir skrivne i/y, e, a, ao/ô, o. Vokalen /i/ blir skriven y i slutten av ord og i elles, som i vehivavy /vehiˈvavi/ 'kvinne'. Vokalen /o/ blir normalt skriven ao eller oa, men som ô i ein del lånord, som hôpitaly /hopiˈtali/ 'sjukehus'.

I trykkveike stavingar blir /i e a u/ som regel uttala litt annleis enn i aksentuerte stavingar, slik at dei blir uttala som høvesvis [ɪ/ɨ ɛ ǝ ʊ]. Trykkveike vokalar er også ofte ustemde.

Konsonantar

Konsonantfonema i gassisk.
Konsonantfonema i gassisk.
Lisens: CC BY SA 3.0

Merinadialekten har dei 29 eller 30 konsonantane i Tabell 1. /j/ er perifer. Språket har åtte affrikatar, ts j tr dr nts nj ntr ndr, og ti prenasalerte konsonantar, mp mb nt nd nk ng nts nj ntr ndr.

Det er ganske stor variasjon i uttalen av fleire konsonantar. Til dømes varierer frikativane s z mellom dentialveolar og postalveolar og mellom laminal og apikal uttale.

Plosivane b d g er som regel ustemte, og skil seg frå p t k ved at desse siste ofte er aspirerte. Dessutan har vokalen etter b d g ein låg tone, mens vokalen etter p t k har ein høg tone.

Grammatikk

Morfologi

Gassiske substantiv er ubøyelege, og numerus blir berre uttrykt i pronomen og determinativ. Verbet blir bøygt i tempus (preteritum, presens, futurum) og diatese (aktiv, passiv), ved hjelp av prefiks.

Syntaks

Gassisk høyrer til dei relativt sjeldsynte språka der leddstillinga er VOS, det vil seie at setninga byrjar med eit verbal (V) følgt av objekt (O) og subjekt (S), som i denne setninga:

verbal objekt subjekt
mamaky boky ilay mpianatra tanora
les bok den unge studenten
'Den unge studenten les ei bok'

I nomenfrasen står determinativet føre substantivet, mens andre attributtar står etter, som i setninga ovanfor, der ilay er ein bunden (bestemt) artikkel, mpianatra tyder 'student' og tanora 'ung'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dahl, Otto Christian 1951. Malgache et Maanjan: Une comparaison linguistique. Oslo: Egede-Instituttet.
  • Dahl, Otto Christian 1952. Étude de phonologie et de phonétique malgaches. Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap 16, 148–200.
  • Dahl, Otto Christian 1991. Migration from Kalimantan to Madagascar. Oslo: Norwegian University Press.
  • Howe, Penelope 2019. Central Malagasy. Journal of the International Phonetic Association. Volume 51, Issue 1, April 2021, pp. 103–136. Published online by Cambridge University Press: 08 July 2019.
  • Rasoloson, Janie & Carl Rubino 2005. Malagasy. Kapittel 17 i The Austronesian Languages of Asia and Madagascar. Edited by Alexander Adelaar and Nikolaus P. Himmelmann. London and New York: Routledge.