Frue er ein tittel som blir brukt om gifte kvinner. I tiltale blir fru brukt før namnet. Tittelen blir òg til dels brukt om ugifte, vaksne kvinner. Forkortinga fr. kan brukast både for frue og frøken.
Frue blei først brukt om gifte kvinner av adelen, og seinare også om konene til høgare embetsmenn og menn i borgarklassen.
Ordet kom som lånord inn i norrøn tid frå gamalsaksisk frua ‘herskerinne’. Opphavleg betydde det (gift) herskarinne, og denne tydinga er bevart i Vår frue (etter latin domina nostra), jomfru Maria.
Dronning Margrete blei kalla «Noregs rikes mektige frue og husbonde».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.