Froskehauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Asia, Oseania og Russland.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Accipiter soloensis
- Beskriven av
- (Horsfield, 1821)
Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 150 gram og hofuglane rundt 190 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, overfløymd jordbruksland og temperert buskmark. Froskehauk er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og små varmblodige dyr som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Fuglene blir kjønnsmodne etter to til tre år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.