Fluger (foto, spyflue)

Spyfluge.

Av /NTB Scanpix ※.
Tabanidae

Klegg (Tabanidae).

Drosophila melanogaster

Bananfluge (Drosophila melanogaster).

Fluger er ei hovudgruppe innanfor orden tovinger, som i tillegg til flugene består av mygg i vid forstand. Nokre kjende fluger er spyfluger, blomsterfluger, klegg og bananfluger. Fluger har normalt kraftigare kropp enn mygg og antennene er annleis, kortere og mer klumpete enn hos mygg. Det er kjend rundt 120 familiar av fluger, kor 82 er påvist i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som

fluer

Vitskapeleg namn
Cyclorrhapha

Fleire fluger er nyttige. Larvene til blomsterfluger et bladlus, og dei vaksne blomsterflugene kan pollinere blomar. Desse flugene kan òg bli nytta for å bekjempe skadedyr. Bananfluga har blitt nytta som modellorganisme.

Fluger er såkalla holometabole insekt, det vil det vil seie dei har fullstendig forvandling frå larve via puppe til vaksen.

Beskriving

Fluger er ei variert gruppe insekt som i likskap med andre tovenger (mygg) er kjenneteikna av å berre ha eitt vengepar, med bakre vengepar omdanna til svingkøller. Dei har i motsetnad til mygg antenner med normalt berre tre ledd, unntaksvis opptil åtte. I hovudregel er fluger kraftigare bygd med kortare bein enn mygg, men det finnest òg døme på tettbygde mygg med korte bein (til dømes knott og målarmygg) og på fluger med spinkle kroppar og lange bein (til dømes stankelbeinfluger).

Alle fluger har store fasettaugo og nesten alltid tre punktaugo i tillegg, som er organisert i ein trekant på toppen av hovudet. Langs augekanten har flugene normalt ei rekke med stive børster; plasseringa, forma og retninga dei peiker er viktig i systematikken. Fasettauga varierer i storleik, men kan hjå nokre artar (som augeflugene) møtast i panna. Hovudet er svært bevegeleg og tydeleg skilt frå brystet.

Munndelane til fluger dannar vanlegvis ein sugesnabel som opphavleg består av ei overleppe labrum, to par med kjever (maxillae og mandiblar, kor mandiblane manglar hos nesten alle nolevande fluger) og ei underleppe labium. Underleppa er svampforma og forstørra, og dekkjer normalt resten av munndelane utanom palpane som er para fingerforma utvekster av maxillane.

Larvestadiet skil seg frå mygglarver ved å ha hovudkapselen heilt eller delvis trekt inn i mellomkroppen, og ofte utan distinkt harde vev. Flugelarver har òg munndelar som er parallelle og som kan bevegast vertikalt, medan mygglarver har motståande kjever som bevegar seg horisontalt.

Flugene sin livssyklus består av fire distinkte stadier: Egg, normalt tre larvestadier og eitt puppestadium.

Levevis

Flugene er ei mangfaldig gruppe med mange ulike levevis. Larvene av ulike artar lever som nedbrytarar av organisk materiale, vera planteetarar eller leve i sopp, eller vera rovdyr, åtseldyr, parasittar eller parasittoidar. Dei vaksne flugene har til felles at dei har svampeaktige munndelar som berre kan ta til seg flytande føde, om dei tek til seg føde i det heile teke. Somme kan bruka enzym i spyttet sitt til å løyse opp fast stoff til væske. Mange av artane lever av nektar og er viktige pollinatorar, særleg i fjellet og langt mot nord.

Til eksempel klegg og lusfluger er blodsugarar som i tillegg til svampemunnen har stikkande munndelar som kan stikka hol på verten for å drikka blodet. På liknande vis er dansefluger og rovfluger rovlevande dyr som kan stikka hol på mindre insekt og drikka av innmaten.

Opphav

Dei første flugene oppstod i krittida frå ein felles stamart med mygg-gruppa Bibionomorpha, som blant anna omfattar hårmygg, vindusmygg og soppmygg. Dei første forgreiningane i flugene sin evolusjon fell saman i tid med opphavet til blomsterplantane, og mange fluger er den dag i dag viktige pollinatorar.

Symbolikk

Fluger blir i fleire kulturar sette i samanheng med vonde maktar, sjukdom og forderving.

I eldre tid tok ein varslar for kornhausten av dei første flugene om våren. Viss dei opptredde i store mengder og var små, spådde det lite korn, men viss dei var store, vart det regna for eit varsel om godt kornår. Enno blir det teke som eit teikn på kommande regn og uvêr at flugene er iltre og stikk mykje.

Systematikk

Gruppa fluger består av mange familiar og blir ofte med eit samleomgrep kalla Brachycera (vitskapleg namn). Mygg blir med eit samleomgrep kalla Nematocera.

Delgrupper av fluger

Flugene har lenge vore gjenstand for mykje fylogenetisk forskning og slektskapsforholda mellom dei ulike gruppene er difor ganske godt kjend. Likevel er mange eldre klassifikasjonar framleis i bruk, og nokre namn har blitt brukt med ulike definisjonar.

Lågareståande fluger

Dei lågareståande flugene (Orthorrhapha) er ofte store både på larvestadiet og som vaksne. Dei har palpar med to ledd og er dei einaste flugene som kan ha meir enn tre ledd i antenne sine (sjølv om mange lågareståande fluger likevel berre har tre). Mange av familiane her har dessutan føter med tre tråputar (pulvilli), mot normalt to hos høgareståande fluger.

Dei fleste artane her lever som rovdyr på andre insekt. Dette gjeld blant anna snappefluger, rovfluger og våpenfluger. Dei lågareståande flugene omfattar imidlertid òg pollinatorar som humlefluger, og mikropredatorar som klegg. Larvene til dei lågareståande flugene har hard hovudkapsel og lever som rovdyr eller parasittoidar.

Dansefluger og styltefluger

Gruppa Empidoidea, som består av danseflugene og stylteflugene, blei tidlegare rekna blant dei lågareståande flugene, men det har vist seg at Empidoidea er nærare i slekt med dei høgareståande flugene. Dette kan ein blant anna sjå på at dei fleste både høgareståande fluger og Empidoidea har eit langt følehår, arista, på spissen eller på oversida av det tredje antennesegmentet, samt at palpane berre har eitt ledd og at det er fleire fellestrekk i konstruksjonen av vengene og kjønnsorgana.

Vaksne Empidoidea er rovdyr på andre insekt, og mange av artane særleg av dansefluger pollinerer òg blomar. Som dei lågareståande flugene har Empidoidea-larvene hard hovudkapsel og lever som rovdyr.

Høgareståande fluger

Dei høgareståande flugene (Cyclorrhapha) er små til middels store og omfattar langt dei fleste flugeartane. Det er i denne gruppa ein finn flugeartane med størst økonomisk og medisinsk betydning: Husfluger og spyfluger overfører sjukdommar ved kontakt med menneskemat, andre har larver som gjer skade i jord- og hagebruk (gulrotfluger, kålfluger og fritfluger) eller som snyltar på husdyr (bremser).

Av nyttige høgareståande fluger finst mellom anna blomsterfluger som har larver som lever av bladlus, og som er blant dei viktigaste gruppene av pollinatorar. Både blomsterfluger og dei parasittoidlevande snylteflugene blir brukt ein del i biologisk bekjemping av skadedyr. Bananfluger er forska svært mykje på som modellorganismar og har bidrege stort til forståinga vår av genetikk.

Larvene til dei høgareståande flugene manglar hovudkapsel heilt og kan leva på mange ulike måtar: Dei er planteetarar, vedborarar, parasittar, parasittoidar, rovdyr eller nedbrytarar, for eksempel gjødseletarar.

Vidare inndeling av høgareståande fluger

Innanfor dei høgareståande flugene har mange familiar (som saman dannar ei gruppe som blir kalla Schizophora) utvikla eit ptilinium, ein ballongforma utvekst fremst på hovudet som blir blåsen opp i det den vaksne fluga forlet puppeskalet. Ballongen blir fort tappa for luft og er ikkje synleg hos den vaksne fluga bortsett frå umiddelbart etter klekking, men alle flugene som har ptilinium lever resten av livet med eit stort hesteskoforma arr over følehorna.

Fluger med ptilinium blir ofte uformelt delt opp i delgruppene Calyptrata og Acalyptrata, men berre Calyptrata er ei monofyletisk gruppe. Flugene i gruppa Calyptrata har utvikla eit par store vengeskjel som koplar vengerota til mellomkroppen, framfor køllevengene.

Historikk

Den tyske biologen Willi Hennig (1913–1976) var ein av dei første som jobba med inndelinga av fluger og mygg i ordenen tovinger. Hennig blir rekna som ein av grunnleggjarane av kladistikk, som er ein analysemetode for å sjå på evolusjonært slektskap mellom artar og grupper av artar. Han spesialiserte seg på tovinger.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cyclorrhapha
GBIF-ID
11112444

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg