Heilt frå den tida jordbruket kom til Noreg, omkring 2800 år fvt., har jordbruksbefolkninga nytta dei tilgrensande naturområda i samband med gårdsdrifta. Allmenningsretten er derfor eldre enn den tidlegaste lovgivinga, og var naturleg nok tematisert i dei tidlegaste landskapslovene våre.
Med ei sterkare utbygging av fjellbygdene og med betre kommunikasjonar steig også interessa for utnyttinga av fjellet. Uklarleik om innhaldet og avgrensinga til rettane førte då til ei rekkje rettstvistar. Særleg gjaldt tvistane beitet og fiska, men også interessa for jakta i høgfjellet auka sterkt. Som følgje av stadig sterkare krav om ei lovordning av bruksforholda i fjellet slik at desse kunne utnyttast på ein måte som var økonomisk og trygg for fjellbygdene, vart det i 1912 vart sett ned ein komité som skulle utarbeida med eit utkast til lov om beitet, jakta og fisket til bygdene i fjellallmenningar eigd av staten.
Under arbeidet kom komiteen til at det ikkje var praktisk mogleg å trekkja nokon grenser mellom fjellallmenningar og andre allmenningar, og innstillinga, som vart gitt i 1916, inneheldt utkast til «Lov om bygdernes utnytting av bruksrettane sine til beite, fiske, jakt og fangst m.v. i statens almenninger.» Lovsaka vart behandla av Stortinget i 1920, og «Lov om utnytting av rettar til beite, fiske, jakt og fangst m.v. i statens almenninger», populært kalla Fjellova, vart vedtatt 12. mars 1920. Lova gjaldt ikkje, som heller ikkje den nogjeldande fjellova av 1975, bruksretten til skog.
Retten til bruk av allmenningar ligg som nemnd til bygd eller grend som frå gammal tid har hatt slik rett. Om ei bygd eller grend har allmenningsrett og i kva utstrekking, må avgjerast konkret, der den historiske og bruksmessige utviklinga i området er av betydning. I Sør- og Midt-Noreg gjekk særdomstolen Høyfjellskommisjonen gjennom rettsforholda mellom staten og private mellom 1908 og 1953. Her vart dei aller fleste spørsmåla om eigedomsrett og allmenningsrett avklart.
Fjellova av 1920 blei avløyst av nogjeldande fjellov i 1975. Ein lovkomité blei satt ned i 1965 for å laga ei ny lov. I føredraget til oppnemninga var grunngjevinga at:
«[i] løpet av de over 40 år loven har vært gjeldende, har det nok vist seg behov for visse endringer og suppleringer. Visse bestemmelser bør gjøres klarere. Det bør vurderes hvordan og i hvilken utstrekning det bør gis adgang til nye måter å utnytte de jordbruksmessige verdier. Den stigende interesse fjellet har som friluftsområde, kan og gi grunn til nyvurdering.»
I NOU 2018:11 Ny fjellov vart ei ny fjellov greidd ut og foreslått. Meininga med dette lovarbeidet var i første rekkje å ta sikte på forenklingar i lovverk og administrasjon av statsallmenningane, med mål om å utarbeida ei samla lov for statsallmenningane. Den nye lova er førebels ikkje vedteken av Stortinget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.