Etruskarane budde i Nord-Italia, i eit området som på latin blei kalla TVSCIA tūskia eller ETRVRIA etrūria, og som stort sett svarer til det moderne Toscana og Nord-Lazio. Området der dei budde, grensa mot Tyrrenhavet (latin MARE TYRRHENVM mare tyrrēnum) i vest, mot elva Arno (latin ARNVS arnus) i nord og mot elva Tevere (latin TIBER tiber) i aust og sør. Tyrrenhavet er oppkalla etter etruskarane, som på gamalgresk blei kalla tυρρηνoι turrɛ̄nói eller (gamal-attisk) tυρσηνoi tursɛ̄noí.
Etruskisk er kjent frå innskrifter frå kring 600-talet fvt. til 100-talet evt. Arkeologane knyter òg den skriftlause Villanova-kulturen (900–700 fvt.) til etruskarane.
Talet på etruskiske innskrifter – på mellom anna steinar, bly, leirvasar, bronsespeglar og gravvegger – ligg mellom 9000 og 13 000, avhengig av korleis ein tel, og det blir stadig funne nye innskrifter. Forskarane kan lese og forstå ein stor del av desse innskriftene, men mange av dei er gravinnskrifter (i dei mange etruskiske nekropolisane eller «gravbyane») som berre inneheld namnet til dei døde, namna til fedrar og mødrer og av og til alder og kjønn. Trass i det høge talet på innskrifter kjenner vi berre om lag 250 etruskiske ord. Her er to typiske innskrifter:
- 𐌀𐌍𐌀𐌅𐌉𐌄𐌋𐌄:𐌉𐌌:𐌀𐌊𐌔𐌀:𐌀𐌋:𐌄𐌔:𐌔𐌀𐌊𐌀𐌋𐌌
- MLAKAS SE LA ASKA MI ELEIVANA
- 'Eg er oljeflaska til den vakre Sela'
- 𐌣:𐌔𐌋𐌉𐌅𐌀:𐌖𐌐𐌖𐌋:𐌖𐌓𐌖𐌈𐌋𐌄𐌅:𐌈𐌍𐌓𐌀:𐌔𐌄𐌍𐌀
- ANES ARNTH VELTHURU(S) CLAN LUPU AVILS 50
- 'Anes Arnth, sonen til Velthur, død i ein alder av femti'
Det finst over 40 innskrifter med både etruskisk og latinsk tekst, men dei er stort sett svært korte gravinnskrifter. Nyttigare var tre gulltavler som blei funne i 1964, med parallelltekst på etruskisk og fønikisk (kanskje punisk).
Frå kring 700 til 500 fvt. var den etruskiske kulturen på eit høgdepunkt i makt og prestisje, og dei kontrollerte det meste av Italia frå Alpane og ned til dei greske busetnadene i sør. Dei kontrollerte då også Latium, og den romerske kulturen blei sterkt påverka av etruskarane. Gresk kultur kom også først til romarane gjennom etruskarane. Stoda endra seg etter 400 fvt. I 396 fvt. hærtok romarane den viktige etruskiske byen 𐌀𐌉𐌄𐌅 VEIA (italiensk Veii), og i 391 fvt. invaderte dei keltiske senonane Etruria. Mot slutten av 200-talet fvt. hadde romarane erobra heile den italienske halvøya.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.