Eldspåsetjing er å gjere seg skuldig i eldebrann. I tilfelle der brannen kan føre til tap av menneskeliv eller utstrekt øydelegging av framand eigedom, er straffa fengsel frå 2 til 21 år, men ikkje under 5 år dersom nokon døyr eller får større skadar på grunn av brotsverket. Ved aktløyse blir eldspåsetjing straffa med bøter eller fengsel i inntil 3 år.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål ildspåsettelse

Les meir i Store norske leksikon