Ein dublett er noko det finst to av, til dømes dobbelteksemplar av bøker, frimerke, myntar og så vidare. Ordet blir også brukt om orddublettar.
Dublett kan også brukast om eit gevær med to løp og om det å (felle to dyr ved å) avfyre begge geværløpa etter kvarandre. I den siste tydinga fell ordet delvis saman med dublé.
Ein dublett er dessutan ein edelstein som består av to delar som er montert saman, anten med like eller (oftast) forskjellige materiale.
Somme kallar fuglen dobbeltbekkasin for dublett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.