Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Domprosten er fast vikar for biskopen og har difor ei særstilling i høve til prostane elles. I særskilte tilfelle kan biskopen påleggje domprosten å gjere bispeteneste. Domprosten kan ikkje ordinere til presteteneste, heller ikkje om han er i teneste som vikar for biskopen. Tittelen «domprost» blei innført i 1922. Tidlegare vart denne stillinga kalla stiftsprost. I 2015 er det 11 domprostar i Den norske kyrkja.

Domprosti i Den norske kyrkja

  • Bergen domprosti
  • Bodø domprosti
  • Fredrikstad domprosti
  • Hamar domprosti
  • Kristiansand domprosti
  • Molde domprosti
  • Nidaros domprosti
  • Oslo domprosti
  • Stavanger domprosti
  • Tromsø domprosti
  • Tønsberg domprosti

Les meir i Store norske leksikon