I Møre og Romsdal møtest dei store dialektområda nordvestlandsk og trøndersk. Nordmørsk, sunnmørsk og romsdalsk er døme på dialektar i Møre og Romsdal.
Nordmørsk høyrer med til Møre og Romsdal fylke, men går språkleg saman med trøndersk og har austnorske, delvis trønderske målmerke. Nordmørsk har kløyvd infinitiv. Det heiter her å værra og å kåmma, men å kast og å skriv (apokope). Nordmøre har også tjukk l av gamal l og delvis også av rð (soL og gar eller gaL).
Sunnmørsk er forankra i det nordvestlandske e-målet, som strekkjer seg frå Ytre Sogn og nordover.
Også romsdalsk høyrer med til det nordvestlandske e-målet og har, som sunnmørsk, infinitiv på -e: å fare, å kaste. Målet i Romsdal skil seg frå sunnmørsk mellom anna ved at romsdalingane har nokre innslag av austnorske dialektdrag, mellom anna tjukk l. Systemet er slik i Romsdal (som på Nordmøre) at ein har tjukk l av norrøn l, men ikkje av norrøn rð (stoL, men gar).
I tillegg til Sunnmøre og Romsdal høyrer også Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn til dette nordvestlandske e-målsmålområdet. Dialektene i Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn går under namnet fjordamål. Dialektene her skil seg frå Sunnmørsk ved at dei har lik ending i bunden form eintal av sterke og svake hokjønnsord: sola og visa. På Sunnmøre heiter det sola og viså.
- Om Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn, sjå dialekter i Sogn og Fjordane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.