Personleg pronomen, 1. person fleirtal
Kart som viser kor i Noreg folk seier vi/ve, me/mi, oss eller me/vi. Dette er eit av mange skilje mellom dialektar i Noreg.
Personleg pronomen, 1. person fleirtal
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Dialekt er ein geografisk avgrensa variant av eit språk. Dialektar kan skilje seg frå kvarandre på mange måtar, men er likevel så like at dei blir rekna som same språk. For eksempel er både nordnorsk og vestnorsk dialektar av norsk. Ordet dialekt blir for det meste brukt om talespråk, ikkje om skriftspråk. Dialektar kan skilje seg frå kvarandre i både ordforråd, uttale, bøying og setningsbygnad.

Faktaboks

Uttale
dialˈekt
Etymologi
av gresk diálektos, ‘samtale, språk’, via latin dialectus/dialectos
Også kjend som

talemål

I mange land er det vanleg å bruke eit standardtalemål i offentleg tale – der er skiljet mellom dialekt og standardtalemål sosialt viktig, og omgrepet dialekt brukast om alle måtar å snakke «ikkje-standardtalemål» på. I Noreg er bruk av dialekt stort sett vurdert positivt. Det er ein sterk samanheng mellom dialekt og identitet.

Det finst andre variantar av eit språk enn dialektar. For eksempel er sosiolektar variantar som er sosialt avgrensa i staden for geografisk, og etnolektar er variantar som blir brukt innafor ei etnisk gruppe. I urbane fleirkulturelle miljø kan språkbrukarane snakke med ein multietnolektisk stil. Det vil seie at dei tek med seg språklege ressursar frå mange andre språk inn i hovudspråket (som er norsk i Noreg).

Avgrensing av dialektar

Dialektar står ofte så nær andre språksystem som liknar, at dei blir rekna som variantar av eit språk. Avgrensinga av ein dialekt kan bli gjort ut frå ordforråd, uttale- og bøyingssystem og setningsbygnad. Slike språktrekk som kan vere med på å avgrense ein dialekt, kan ein kalle målmerke eller dialekttrekk. Eit eksempel på eit norsk målmerke er uttale av r-lyden. Skarre-r finst på Vest- og Sørlandet og rulle-r i dei andre landsdelane.

Den geografiske grensa for utbreiinga av eit målmerke heiter ein isogloss. Ei kartlegging av bruk av ulike målmerke kan brukast til å dele Noreg i ulike dialektområde. Den greina av språkvitskapen som studerer dialektar, altså den geografiske utbreiinga av ulike språktrekk, heiter dialektologi.

Når ein ikkje har ein spesiell type variasjon i tankane, kan ein nytte ordet varietet om ein variant av eit språk. Dialektomgrepet kan brukast om fleire varietetar enn dei som er geografisk avgrensa. Ein varietet som berre er geografisk avgrensa, kan kallast geolekt.

Sosiolingvistikk

Forsking på sosiolektar, etnolektar, multietnolektisk stil og andre former for sosial variasjon er typisk for forskingsgreina sosiolingvistikk. Dette fagområdet skil seg frå dialektologien ved at ein ser på sosial heller enn geografisk variasjon, og at ein prøver å skildre og forklare språkendringar.

Dialektar endrar seg

Skarre-r hos eldre og yngre
Kartet viser korleis skarre-r har blitt brukt i eit stadig større område. Mørk grønfarge viser bruk av skarre-r hos informantar fødde ca. 1900. Mørk grønfarge pluss lysare grønfarge viser bruk av skarre-r hos informantar fødde ca. 1970. Kartet byggjer på ei gransking utført av Arne Kjell Foldvik 1988.
Skarre-r hos eldre og yngre
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Det er ein utbreidd myte at dialektar er stabile. Språk og dialektar er heile tida i utvikling. Dei norske dialektane utviklar seg, både som resultat av språkkontakt og endringar i samfunnet. Geografi, samferdsel og administrativ inndeling har hatt mykje å seie for utviklinga av dei norske dialektane. Menneske som har kommunisert mykje med kvarandre, har gjerne dialektar med mange fellestrekk. Derimot er det gjerne dialektforskjellar mellom menneske som bur på kvar si side av høge fjell, flaumande elver eller breie fjordar, eller i bygder som høyrer til ulike administrative einingar.

Kontakt med andre språk, for eksempel samisk, lågtysk og dansk, har òg ført til mange endringar i norsk, og nokre dialektar er meir prega av ein slik kontakt enn andre. For eksempel er utviklinga av etterhengt bestemd artikkel i skandinavisk rekna som eit resultat av språkkontakten med samiske språk, medan bruken av såkalla blaute konsonantar i sørlandsdialektane er rekna som spor av språkkontakt med dansk.

I nyare tid har kommunikasjonstilhøva endra seg, ikkje minst gjennom nye næringsvegar, større mobilitet i befolkninga og framveksten av massemedium. Geografien er ikkje i like stor grad ein føresetnad for kommunikasjon, og tradisjonelle dialektforskjellar er ikkje like tydelege.

Både i Noreg og i andre europeiske språksamfunn kan ein sjå dialektutjamning. Språkbrukarar legg bort visse lydar, ord eller bøyingsformer til fordel for andre variantar. Typisk tek dei i bruk variantar med eit vidare regionalt eller nasjonalt bruksområde. Språktrekk som tradisjonelt har hatt lita geografisk utbreiing, blir borte. Om dei blir erstatta av dialekttrekk som er meir utbreidd i regionen, blir prosessen kalla for språkleg regionalisering. Om dei blir erstatta av språktrekk som er utbreidd i standardtalemål, blir det kalla språkleg standardisering. Sidan standardtalemål ikkje er vanleg å bruke i Noreg, er det omdiskutert om visse former for utjamning av norsk kan kallast for standardisering. Dei som bruker omgrepet, bruker det gjerne for å vise til at utjamninga fører til at dialektane blir meir like dialekten som brukast i hovudstadsregionen eller ei form for talt bokmål.

I mange land har slike utjamningsprosessar gått både raskt og langt. Danmark er eit eksempel på eit språksamfunn som på relativt få tiår har opplevd ei sterk talespråkleg einsretting. Ein stadig større del av den danske befolkninga har teke i bruk ein overlokal varietet framfor tradisjonelle dialektar. I andre samfunn har takta og intensiteten på denne utjamninga vore annleis, men hovudmønsteret er det same: Det tradisjonelle dialektmangfaldet blir redusert gjennom at lokale særtrekk forsvinn.

Dialekt eller språk

Innholdet i figuren er nærmere beskrevet i teksten.
Kart som viser det samiske språkkontinuumet.
Kart over samiske språkområder.
Av .

Å gi ein tydeleg lingvistisk definisjon av skilnadene mellom språk og dialekt, er vanskeleg. Det er fordi ein dialekt utgjer eit komplett språksystem og kunne ha vore eit språk. Ein kan ikkje berre ta utgangspunkt i reint lingvistiske kriterium, som at varietetane liknar på kvarandre, for å avgjere om noko er to ulike språk eller to dialektar. Det er ikkje berre språklege, men vel så ofte historiske og politiske grunnar til at noko blir rekna som eit eige språk, medan noko anna blir rekna som ein dialekt av eit språk.

Ei løysing kan vere å overlate til eit språksamfunn sjølv å definere om dei snakkar eit særskilt språk eller ein varietet av ein større heilskap, for eksempel når ein ny stat vert danna. Eit eksempel på dette kan vere etableringa av Noreg som stat, som også førte til at språksamfunnet, og då kanskje helst eliten i samfunnet, ønska å erstatte dansk med eit eige norsk språk. Ein slik politisk og kulturell definisjon av eit språk er ikkje uvanleg, sjølv om dette resulterte i ein uvanleg situasjon i Noreg med dei to jamstilte skriftspråka nynorsk og bokmål, som er språkleg sett veldig like kvarandre.

Slike politiske/kulturelle definisjonar kan òg vere problematiske fordi spørsmålet kan utløyse ulike typar av ideologibasert maktutøving. I Søraust-Europa, ikkje minst på Balkan, er det fleire eksempel på at arbeidet med å markere nasjonal og statleg autonomi heng tett i hop med markering av språkleg autonomi. Dette går gjerne på kryss og tvers av det som tidlegare har vore rekna som dialektgrenser. For eksempel har språka serbisk, kroatisk og bosnisk mykje til felles med kvarandre, og med serbokroatisk, som var fellesspråket i det tidlegare Jugoslavia.

Det er vanleg å tenkje at språk er meir ulike kvarandre enn dialektar, og det er lett å tru at dialektar er gjensidig forståelege, medan språk ikkje er det. Til ein viss grad stemmer dette: Dei som skjønar norsk, skjønar dei fleste norske dialektar utan opplæring, men ikkje samisk eller polsk. Men i store delar av verda finst det såkalla dialektkontinuum. Det vil seie at dei språka eller dialektane som grensar mot kvarandre, er innbyrdes forståelege. Mellom variantar som ligg eit stykke frå kvarandre på kontinuumet, er det mindre gjensidig forståing. Heilt i ytterkantane av kontinuumet vil ikkje folk forstå kvarandre i det heile.

Eit eksempel på dette er at folk som bur i grenseområda mellom Nederland og Tyskland gjerne forstår dialektane på den andre sida av grensa, medan den gjensidige forståinga mellom ein dialekttalande nederlendar og ein austerrikar truleg er minimal. Mengda av språklege skilnader, men òg kva slags språkformer og språkvarietetar ein er van med å høyre, i kor stor grad ein er eksponert for mykje variasjon, og kva for haldningar ein har til andre varietetar enn sin eigen, kan spele inn på graden av forståing.

Eit anna eksempel på eit slikt kontinuum er det fastlandsnordiske (skandinaviske) dialektkontinuumet, altså det munnlege språket som snakkast i Skandinavia (norsk, svensk (inkludert finlandssvensk) og dansk). Desse er gjensidig forståelege språk, og språkleg sett kunne dei like godt ha vore rekna som dialektar av eitt språk. Opp gjennom historia har statsgrensene endra seg i Skandinavia, og med dette kva som kan reknast som dialektar av kva for eit språk. Skånsk, for eksempel, har skifta status frå å vere rekna som ein dansk dialekt til å bli oppfatta som ein svensk dialekt. I grenseområda mellom Noreg og Sverige er det store likskapar mellom dei lokale dialektane, og det er ikkje alltid slik at ein kan «høyre» kvar riksgrensa går.

Ein kan velje å gjere bruk av administrative grenser for å avgjere om noko er ein dialekt. Sjølv om det ikkje er store ulikskapar eller forståingsproblem i delar av det norsk-svenske grenseområdet, er ein svensk dialekt svensk fordi han sorterer inn under det administrative området (staten) Sverige.

Standardtalemål og dialekt

Dialektar er ikkje formelt standardiserte, og dei har ikkje noko skriftspråk direkte knytt til seg. Men standardskriftspråk kan ha blitt forma med utgangspunkt i ein dialekt, for eksempel hovudstadsdialekten eller ein annan dialekt med prestisje.

Sidan den såkalla dialektbølgja i Noreg i 1970-åra har ein kunna høyre og nytte dialekt i det offentlege rommet og på dei fleste samfunnsområde. Slik var det ikkje i tidlegare tider – då var det vanlegare å bruke eit standardtalemål i offentlege talesituasjonar og lokal dialekt i meir private eller uformelle situasjonar. Det å veksle mellom ulike talemål er ei form for kodeveksling.

Slike språkbruksnormer finst i mange land i dag. Her brukar ein helst standardtalemål i det offentlege, og dialektane blir berre brukt i private, uformelle situasjonar. I desse landa har standardtalemåla høg prestisje, og folk i dei høgre sosiale laga snakkar gjerne svært likt standardtalemålet også i privat og uformell tale. Språktrekk frå standardtalemålet vert såleis òg brukt for å seie noko om kva sosial gruppe ein høyrer til, og viss dette er systematisk i eit lokalsamfunn, kan det kallast ein sosiolekt. Fleire norske sosiolektar, for eksempel såkalla penbergensk, er restar av ein slik lokal måte å bruke standardtalemålet på.

«Dialektskriving»

Det er gjerne talemål ein først og fremst tenkjer på når ein høyrer ordet «dialekt». Mein ein møter stadig oftare dialektfarga skriftspråk i sosiale medium og annan uformell skriftleg kommunikasjon. Kommunikasjon som skjer i uformelle samanhengar, ikkje minst mellom folk som kjenner kvarandre godt, har trekk som ligg nær det tradisjonelt munnlege. Talesmålsnært skriftspråk kan i slike tilfelle ha ein sterkare identitetsskapande funksjon enn det eit standardisert skriftspråk har.

Sjølv om sosiale medium er noko relativt nytt, er ikkje det å «skrive på dialekt» ei ny oppfinning. For det første eksisterte det freistnader på å skrive lenge før vi fekk eigne, standardiserte skriftspråk. For det andre er dialektar blitt skriftfeste i litteraturen, både i replikkskifte i prosa og i skodespel. Når barn tileignar seg skriftspråket (skrivekunne) og i ymse uformelle skrivesituasjonar er òg talemålsnært skriftspråk eit vanleg fenomen både før og no.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Charles Boberg, Dominic Watt, John Nerbonne. (2018). The Handbook of Dialectology. Wiley.
  • Eskil Hanssen. (2010). Dialekter i Norge. Fagbokforlaget.
  • Stian Hårstad, Brit Mæhlum og Rikke van Ommeren. (2021). Blikk for språk. Sosiokulturelle perspektiver på norsk språkvirkelighet. Cappelen Damm Akademisk.
  • Stian Hårstad og Toril Opsahl. (2013). Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Fagbokforlaget.
  • Brit Mæhlum og Unn Røyneland. (2023). Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm Akademisk.
  • Agnete Nesse. 2013. Innføring i norsk språkhistorie. Cappelen Damm Akademisk.
  • Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 2009, årgang 27, hefte 1 (temanummer redigert av Ernst Håkon Jahr og Brit Mæhlum)
  • Johannes Nymark og Rolf Theil. (2011). Dei ukuelege språka. Språkpolitikk og språksituasjonar. Fagbokforlaget.
  • Helge Sandøy (1985). Norsk dialektkunnskap. Novus.
  • Martin Skjekkeland. (2005). Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Høyskoleforlaget.
  • Lars Vikør. (2007). Språkplanlegging. Prinsipp og praksis. Novus.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg