Blank er eit adjektiv som kan bety klår, lys, rein, skinande (kvit), og glatt og glinsande.

Faktaboks

Etymologi
frå mellomnedertysk blank ‘skinande kvit’

Blank kan også bety tom og innhaldslaus, som til dømes kvitt papir det ikkje er skrive på, ein kan seie ein er «heilt blank» når det er noko ein ikkje hugsar, og ein «røystar blankt» med ein tom stemmesetel.

Les meir i Store norske leksikon