Bispedømme er det område ein biskop styrer.

Faktaboks

Også kjend som

diocese, stift

I den eldste kyrkja hadde som regel kvar kyrkjelyd sin biskop. Etter kvart blei det vanleg at kyrkjelydar på landet blei styrte av presbyterar under den nærmaste biskopen si overhøgd (overhøyhet). Dermed blei grunnen lagd for den seinare stiftsinndelinga som blei gjennomført som ledd i organisasjonen av kyrkja. Fram til 1919 blei bispedømma i Noreg kalla stift, noko som framleis er tilfelle både i Danmark og Sverige.

I den romersk-katolske kyrkja treffer paven avgjerda når eit bispedømme blir oppretta eller ordna om.

Inndelingane har variert opp gjennom tidene, men Den norske kyrkja omfattar no elleve bispedømme.

Norske bispedømme og biskopar

Skipingsåret til bispedømmet er oppført i parentes etter namnet.

Bispedømme (oppretta) Omfatta område Biskop (2023)
Borg (1969) Østfold, mesteparten av Akershus Kari Mangrud Alvsvåg
Oslo (ca. 1075) Oslo, Asker, Bærum og dessutan landsomfattande døveprosti og Forsvarets trus- og livssynskorps Kari Veiteberg
Hamar (1153–reformasjonen, oppretta på ny i 1864) Innlandet og dessutan Lunner kommune i Akershus Ole Kristian Bonden
Tunsberg (1948) Buskerud, Vestfold, Jevnaker Jan Otto Myrseth
Agder og Telemark (1682) Telemark, Agder Stein Reinertsen
Stavanger (1125–1682, oppretta på ny i 1925) Rogaland Anne Lise Ådnøy
Bjørgvin (ca. 1070) Vestland og dessutan sjømannskyrkjene Ragnhild Jepsen
Møre (1983) Møre og Romsdal Ingeborg Synøve Midttømme
Nidaros (ca. 1075) Trøndelag Herborg Oline Finnset
Sør-Hålogaland (1952¹) Nordland Ann-Helen Fjeldstad Jusnes
Nord-Hålogaland (1952¹) Troms, Finnmark Olav Øygard

¹ Hålogaland bispedømme (1804–1952) omfatta Nordland, Troms, Finnmark.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg