Birk var i eldre dansk rettsspråk og nokon stader i Noreg og Sverige namnet på eit avgrensa jurisdiksjonsdistrikt, til dømes ein handelsplass, ein landsby eller by, jordegods eller distrikt med eigen dommar og påtalemakt.
birk
Birkerett
«Birk» var i dansk rettsspråk omgrepet for ein rettskrins som låg utanfor den vanlege rettsadministrasjonen. I Danmark fekk adelen ofte birkerett, og kunne dermed ta saker bort frå dei vanlege domstolane og leggje dei inn under ein birkedommar som var tilsett av birkepatronen. Domsrett over bøndene som leigde jord av adelen, var å ta den generelle påtaleretten til dansk adel, gjerne kalla sikt- og sakefallsrett (rett til å påtale saker med bøtestraff) og hals- og handsrett (rett til å påtala saker med kroppsstraff) eit steg vidare. Slik strafferettsleg makt var eit allment europeisk mønster og vart tildelt også norsk adel i 1646.
Med eineveldet frå 1660 oppretta kongen ein klasse av høgadel, med arvelege titlar som baron og greve, som fekk store privilegium, mellom dei birk. Slike vart delte ut også i Noreg, der det vart oppretta tre høgadelege birkerettar: ved grevskapa Laurvigen (1671) og Griffenfeldt/Jarlsberg (1673–1684) og ved baroniet Rosendal (1678). I tillegg vart det lagt ein birkerett til Svanøygodset i Sunnfjord i 1685, medan det ikkje er mogeleg å seia om Lyseklostergodset i Sunnhordland og Hardanger var ein birkerett eller berre ein påtalerett. Halsnøy kloster gods på same stad har ved ein feil vorte rekna mellom norske birk, men var ein vanleg tingkrins under den dansk-norske krona.
Avvikling
Alle dei norske birka hadde særtrekk som gjorde dei annleis enn det ein kan rekna som utslag av den vanlege birkeretten som dansk adel sat med. Sjølve birkerettane fall ikkje bort med adelslova i 1821, som tok ifrå den norske adelen økonomiske, men ikkje administrative, privilegium. Birkeretten fall bort av ulike grunnar for kvart av dei norske birka. Svanøy birk vart eigentleg oppløyst i 1733, men kan likevel seiast å halda fram til 1820. Laurvigen birk vart oppløyst i 1817, Jarlsberg i 1842, og Baroniet Rosendal og Lysekloster i 1853. Halsnøy kloster tingkrins vart oppløyst i 1771.
Bjarkøyretten har truleg fått namn frå ordet birk, men dette er usikkert.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Sunde, Jørn Øyrehagen, «Ei avhandling om Rosendal birk – samt ei kort dørfting om birkeretten på vestlandsgodsa Svanøy, Halsnøy kloster og Lysekloster», Den juridiske komedie, 2007
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.