Bantuhauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Accipiter tachiro
- Beskriven av
- (Daudin, 1800)
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 200 gram og hofuglane rundt 340 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, jordbruksland, mangroveskog, og elvar og bekker. Bantuhauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 29 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.