Faktaboks
- Uttale
-
'a:vleiing
- Etymologi
- avleiing er laga etter mønster av dansk Afledning og tysk Ableitung, som er kalkeringar over latin derivatio, som ikkje berre tyder ‘avleiing’ (i grammatikken), men òg ‘bortleiing’ (til dømes vatn frå ei elv) og ‘ombyting’ (av ord, i retorikken)
- Også kjend som
-
derivasjon; bokmål: avledning
- venn ➙ venninne
- venn ➙ vennleg
- venn ➙ uvenn
- vennleg ➙ uvennleg
- venn ➙ vennskap
- vennskap ➙ vennskapleg
- vennskapleg ➙ vennskaplegheit
- lese ➙ lesing
- øks ➙ økse
- dal ➙ døl
- våt ➙ væte
- dom ➙ dømme
Det andre ordet i kvart døme er avleitt frå det fyrste, og det er ei avleiing.
Ikkje alle typar orddanning kan kallast avleiing. Det viktigaste unnataket er samansetning, som i desse døma, der eit nytt ord er laga ved å setje saman to andre ord:
- venninne + selskap ➙ venninneselskap
- brev + venn ➙ brevvenn
- fleir(e) + språkleg ➙ fleirspråkleg
Men ein kan avleie nye ord frå samansetningar:
- audmjuk ➙ audmjukskap
- fleirspråkleg ➙ fleirspråklegheit
Avleiing må òg skiljast frå bøying, som i dette dømet, der vi har fire bøyingsformer av det same ordet (leksemet):
- venn, vennen, venner, vennene
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.