Asp
Asp (Leuciscus aspius) er særlig utbredt i Asia og i det sørøstlige Europa. I Norge er den hovedsakelig å finne i Glommavassdragets nederste deler.
Asp
Av /Shutterstock.
utbredelse av asp
Naturlig utbredelse av asp (Leuciscus aspius). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).
utbredelse av asp

Asp er ein fiskeart i familien Leuciscidae, tidligare var han plassert i karpefamilien.

Faktaboks

Også kjend som

blåspol

Vitskapeleg namn
Leuciscus aspius
Beskriven av
(Linnaeus, 1758)
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Asp er ein fiskeetar, han kan òg bli relativt stor. Største rapporterte storleik er på 120 centimeter og ni kilo. Hos oss i Norge blir dei neppe så store. Den største aspen som er rapportert fanga på sportsfiskeredskap var ein fisk som vog 5,3 kilo.

Utbreiing

Aspen er særleg utbreidd i Asia og det søraustlege Europa. Han er òg vanleg i Nord-Tyskland, Austerrike og sørlege delar av Russland. Han manglar i Danmark, men finst i nokre vassdrag i sørlege delar av Sverige og Finland.

Asp er den av dei naturleg innvandra ferskvannsfiskane som har det snevraste utbreiingsområdet; han førekjem opprinneleg berre i Glommavassdragets nedste deler. Han finst i Øyeren opp til Bingsfoss, i tillegg til Leira og Nitelva. Asp er i nyare tid òg blitt registret i Haldenvassdraget, då i Skulerudsjøen og Rødenessjøen. Han er truleg satt ut der i nyare tid, og det er uklart korleis bestanden har utvikla seg.

Utnytting

Aspen er rekna som ein svært attraktiv sportsfisk og ein god matfisk.

Systematikk

Asp er ein art i familien Leuciscidae. Tidligare var han plassert i karpefamilien. Artsdatabanken plasserar alle norske karpefisk i karpefamilien, men ifølgje dei mest oppdaterte oppslagsverka, Eschmeyer’s catalog of fishes og FishBase, plasserast no de fleste artane av karpefisk i familien Leuciscidae.

Kulturhistorie

Det lokale namnet i Øyeren-området er blåspol. Her var han òg ein viktig matfisk tidlegare, noko som kjem fram i Fetvisa, nedskriven i 1740-åra: «Den Baaspur saa fed, At fange vi veed Og sende til Herrernes Borde; Den Kongelig Mad vi har paa vort Fad Trods alle de salte Vands Fjorde!»

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Leuciscus aspius
Tidlegare vitskapleg namn

Aspius aspius

Artsdatabanken-ID
205797
GBIF-ID
5851603