Amharisk er eit språk som høyrer til dei semittiske språka i den afroasiatiske språkfamilien. Amharisk er førstespråket til over 20 millionar menneske i Etiopia og til fleire hundre tusen mellom anna i USA, Sudan, Somalia og Eritrea. Det er andrespråket til over 4 millionar menneske i Etiopia.
Amharisk er nasjonalspråk og offisielt språk i staten Etiopia. Saman med kyrkjespråket geez utgjer amharisk den etiopiske greina innan dei sørvestsemittiske språka. Amharisk blir skrive med ei modifisert utgåve av alfabetet som blir for brukt geez.
Amharisk har mange av dei same karakteristiske trekk som dei andre semittiske språka i Etiopia, til dømes ejektive konsonantar (blir uttalte med lukking av stemmebanda) og ordrekkefølgja subjekt-objekt-verb.
Det amhariske endonymet for språket er amarıñña ኣማርኛ. Ein person som tilhøyrer den etniske gruppa amhara, er ein amara ኣማራ. Landet Etiopia heiter İtyop'p'ya ኢትዮጵያ, og ein innbyggjar i landet er ein ityop'p'yawi ኢትዮጵያዊ 'etiopiar'. Hovudstaden i landet er Addis Abeba ኣዲስ ኣበባ 'ny blome'.
Kommentarar (2)
skreiv David Olsen
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.