Almefamilien er en ein plantefamilie som omfattar omlag 150 artar buskar og tre fordelt på omlag 18 slekter.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ulmaceae
Almefamilien er en ein plantefamilie som omfattar omlag 150 artar buskar og tre fordelt på omlag 18 slekter.
Plantene har heile ruhåra blad som er assymmeriske ved basis. Dei vindpollinerte blomane er ein- eller tokjønna med 4–5 begerblad, 4–5 frie kronblad, 4–5 pollenberarar og 2 griflar. Fruktene i familien varierer frå nøtter til steinfrukter.
Artane i almefamilien finst i tempererte strok hovudsakleg på den nordlege halvkula og i Sør-Amerika.
Fleire artar i familien er på tilbakegang grunna soppsjukdommen almesjuka.
Nivå | Vitskapleg namn | Norsk namn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Rosales | roseordenen |
Familie | Ulmaceae | almefamilien |
Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2024).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.