Det greske alfabetet oppstod frå nordsemittisk skrift kring 1000 fvt. Den viktigaste nyvinninga var vokalteikna. Teikn for konsonantar som ikkje fanst i gresk, blei tekne i bruk som vokalteikn. I dei eldste greske innskriftene er skriveretninga frå høgre mot venstre. Seinare gjekk dei over til bustrofedon (gresk 'som oksen dreg plogen'), det vil seie vekselvis frå høgre mot venstre og frå venstre mot høgre, med medfølgjande spegelvending av bokstavane. Frå kring 500 fvt. blei det berre skrive frå venstre mot høgre. Det moderne greske alfabetet har 7 vokalteikn og 17 konsonantteikn.
Det greske alfabetet spreidde seg mellom annet til Vesleasia, Egypt og Italia. I Egypt blei ei tilpassa utgåve av det greske alfabetet teken i bruk for å skrive koptisk på 100-talet evt. I Italia gav det greske alfabetet opphav til mellom anna det etruskiske alfabetet. Dei eldste etruskiske innskriftene er frå 700-talet fvt. Etruskisk blei først skrive frå høgre mot venstre, deretter i bustrofedon, og til slutt frå venstre mot høgre. Det etruskiske alfabetet fekk si endelege form kring 400 fvt., med 4 vokalteikn og 16 konsonantteikn.
Ein reknar med at romarane tilpassa det etruskiske alfabetet til latin på 600-talet fvt. Det latinske alfabetet hadde opphavleg 5 vokalteikn og 16 konsonantteikn. X er ei nydanning som blei sett på slutten av alfabetet, etter V. Y og Z blei overtekne direkte frå gresk på 100-talet evt. og sette etter X. W og skilja U/V og I/J stammar frå mellomalderen; tidlegare skreiv ein berre V og I. Seinare har forskjellige bokstavar blitt lagde til i ulike språk, til dømes Æ, Ø og Å i norsk. Norsk lånte Å frå svensk ved rettskrivingsreformene i 1907 og 1917.
Det kyrilliske alfabetet har namnet etter slavarane sin apostel Kyrillos (ca. 826–869), og blir nytta mellom anna for russisk, bulgarsk, serbisk, ukrainsk og mange andre språk, både slaviske og ikkje-slaviske, i den tidlegare Sovjetunionen (dei kolasamiske dialektane akkala, kildin og ter, mordvinsk, tadsjikisk og så bortetter), og i mongolsk (ved sida av det mongolske alfabetet). Det hadde opphavleg 43 teikn, mens dei moderne variantane av alfabetet har færre, det russiske til dømes 33, det ukrainske 33, det bulgarske 30 og det serbiske 30. Dei fleste kyrilliske bokstavane har gresk opphav, med utgangspunkt i bysantinsk uttale. Dei er anten så å seie identiske med dei greske, som til dømes А A, Г G, П P, Р R, У U, Ф F, Х [x], eller dei er modifiserte versjonar av dei, som til dømes Б B, Д D (gresk Δ), Л L (gresk Λ). Nokre kyrilliske bokstavar for lydar som ikkje fanst på gresk, har uklårt opphav, men dei kom inn i kyrillisk gjennom glagolittisk skrift. Det gjeld til dømes Ш for sj-lyden [ʂ]/[ʃ] (frå hebraisk ש eller kanskje koptisk ϣ, på glagolittisk Ⱎ) og Ж for zj-lyden [ʐ]/[ʒ] (glagolittisk Ⰶ). Bokstaven Ц [t͡s] kjem truleg frå hebraisk צ (glagolittisk Ⱌ). Sjølv om dette alfabetet er kalla opp etter Kyrillos, var det disiplane hans som laga det kyrilliske alfabetet. Kyrillos fann derimot opp det glagolittiske alfabetet.
Runene viser klar slektskap med det latinske alfabetet – med til dømes bokstavar som ᚨ A, ᛒ B, ᚲ C [k], ᚠ F, ᚺ H, ᛁ I, ᚱ R og ᛏ T. Det er kjent i nordiske innskrifter frå og med 200-talet. Skriveretninga varierte mellom bustrofedon og frå venstre mot høgre. Med innføringa av kristendommen blei runene gradvis fortrengde av det latinske alfabetet.
Alfabetet i den gotiske bibelomsetjinga frå 300-talet blei skapt av biskop Wulfila. Dei fleste bokstavane har gresk opphav – som 𐌰 Α, 𐌱 Β, 𐌲 Γ, 𐌳 Δ, 𐌴 Ε og 𐌶 Ζ og så bortetter – men nokre er tekne frå runealfabetet, som 𐌿 u og 𐍆 f, jamfør runene ᚢ u og ᚠ f.
Kommentarar (2)
skreiv harald sperre
skreiv Rolf Theil
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.