Bokstaven alfa i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven alfa i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Alfa og omega plasserte saman med Kristus-monogrammet på ein oldkyrkjeleg sarkofag frå Ravenna, frå ca. 680 e.Kr.

.
Lisens: fri

Alfa er den fyrste bokstaven (A, α) i det greske alfabetet.

Faktaboks

Uttale

alfa

Alfa vert nytta i samansetjingar for å visa til den fyrste av fleire variantar.

Uttrykket alfa og omega har fleire tydingar: det fyrste og det siste; det som det framfor alt gjeld; det viktigaste. Ein nyttar uttrykket mellom anna i Bibelen i utsegner om Kristus for å omtala Kristus som opphavet til og målet for alle ting: «Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren» (Johannes' openberring 1,8; òg 21,6; 22,13). Motivet vart teke opp i kristen kunst, der ein ofte finn alfa og omega i samband med Kristus-monogrammet (khi-rho ☧ og andre).

Alfa har verdien 1 i det greske talsystemet.

Uttale

Alfa vert uttala som a. Gresk har òg ein del bokstavsamansetjingar med alfa. I moderne gresk (nygresk) vert alfa og ypsilon, αυ, uttala [av] framføre stemde lydar og [af] framføre ustemde lydar og i utlyd. Alfa og iota, αι, vert no uttala som e.

Les meir i Store norske leksikon