Akkadisk blei skrive med kileskrift – oftast ved å trykkje ein griffel inn i ei våt leirtavle, men òg på stein og metall. Over ein million tekstar er funne, og talet aukar stadig. Tekstane dekkjer eit stort utval av sjangrar, frå personlege brev til ekteskapskontraktar, matematiske tekstar, grammatikkar og litterære verk.
Den akkadiske kileskrifta var overteken frå sumerisk. Dei skreiv normalt frå venstre til høgre, som i dette dømet, presentert med translitterasjon, transkripsjon og omsetjing:
- 𒁹𒄩𒄠𒈬𒊏𒉿𒈗𒆍𒀭𒊏𒆠𒄑𒈠𒅕𒅗𒀊
- dxa-am-mu-ra-pi lugal ka.diŋir.raki gišma ir-ka-ab (translitterasjon)
- Xammurapi šar Bābilim eleppam irkab (transkripsjon)
- 'Hammurapi, kongen av Babylon, entra (= gjekk om bord i) båten'
Det finst tre typar teikn stavingsteikn, ordteikn og determinativ. Stavingsteikna står for vokal (V) eller ein kombinasjon av vokal og konsonant (K) før og/eller etter: V, VK, KV, KVK. Verbet irkab 'entra' blir skrive med stavingsteikn av typane VK og KV: 𒅕 ir, 𒅗 ka og 𒀊 ab. Typane V og KVK finn vi i 𒂊𒆗𒈝 e-kal-lum, ein mogleg skrivemåte av ēkallum 'palass'.
Ordteikna står for heile ord. Dei blir translitterte med den opphavlege sumeriske uttalen, skriven med store bokstavar. 𒈗 lugal 'konge' står for akkadisk šar, som er konstrukt singularis av šarrum 'konge'. Dei tre sumeriske ordteikna 𒆍𒀭𒊏 ka.diŋir.ra tyder 'porten opp til Gud' og står for akkadisk Bābilim 'Babylon'. Når fleire ordteikn står for eitt akkadisk ord, skil vi dei i translitterasjonen med punktum.
Determinativa skil seg frå stavingsteikna og ordteikna ved at dei ikkje blir uttalte. Dei blir translittererte i heva skrift. Dei står før eller etter eit ord og gir informasjon om tydinga:
- Determinativet 𒁹 d, for sumerisk diš 'namn', står framfor mannsnamn, her Xammurapi 'Hammurapi'.
- Determinativet 𒆠 ki, sumerisk for 'land', 'område', står etter namn på land og byar, her Bābilim 'Babylon'.
- Determinativet 𒄑 giš, sumerisk for 'tre', 'ved', 'tømmer', står framfor substantiv som viser til ting som er laga av tre, i dette tilfellet eleppam 'båt', som blir skrive med ordteiknet 𒈠 ma, sumerisk for 'båt'.
I akkadisk skilde ein til vanleg ikkje mellom korte og lange vokalar – mutum 'husbonde' og mūtum 'død' blei begge skrivne 𒈬𒌈 mu-tum. Men lang vokal kunne markerast med eit ekstra vokalteikn: 𒈬𒌋𒌈 mu-u-tum mūtum. Kontrakte vokalar i slutten av ord blei vanlegvis merkte med eit ekstra vokalteikn: 𒉺𒉡𒌋 pa‑nu‑u panû 'først'.
Skrifta var ikkje heilt eintydig. 𒆠 stod for både ke og ki, 𒁍 stod for både bu og pu. På den andre sida fanst det fleire stavingsteikn med same uttale: sa kunne skrivast 𒊓, 𒁲, 𒈿, 𒊷, 𒉚 eller 𒉛.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.