Ein oppdaga tidleg at sprit kunne trekkje til seg smaks- og verkestoff frå plantar og krydder og dermed bli til ein tinktur. Opphavet til akevitt finn vi hovudsakleg i Nederland, der genever blei seld som medisin på 1500-talet.
Den eldste skriftlege kjelda vi har om akevitt i Noreg, er frå 13. april 1531, då den danske høvedsmannen på Bergenhus festning, Eske Bille, ba adelsmannen Jon Olafson Teiste om å reise til erkebiskop Olav Engelbrektsson i Trondheim med eit brev og dessutan «nogit watn....som kallis Aqua vite och hielper samme watn for alle hande kranchdom som ith menniske kandt haffue indtwortis». I brevet kjem det også fram at brennevinet var krydra med urter, og at Bille gjerne skulle sendt meir, men at han hadde gått tom for urter.
I Noreg var det forfattaren, embetsmannen og fråhaldsmannen Christopher Blix Hammer som blei sentral for utbreiinga av akevitt med boka Chymisk-Oeconomisk Afhandling om Norske Akeviter, Bær-Tinkturer og Bær-Safter, gitt ut i 1776.
Etter at brennevinsforbodet blei oppheva i Noreg i 1927, blei all norsk akevitt framstilt av Vinmonopolet. Statsmonopolet heldt fram med å produsere etter dei opphavlege oppskriftene som var laga av dei privateigde brenneria og destilleria. Sidan slutten av 1980-talet har det komme mange nye akevittar. Etter at produksjonsmonopolet blei oppheva i 2005, har mange etablert destilleri (rundt 35 i 2023), og det er no over 350 genuine norske akevittar i Vinmonopolet sitt sortiment. Foreininga som fremjer norsk mat- og drikkekultur, Norske Akevitters Venner, blei stifta 16. desember 1999.
Ein sentral person for norsk akevitt har vore destillatør og fagdirektør Halvor Heuch (fødd 1945), som har jobba for Vinmonopolet og Arcus (no Anora) sidan 1986. I 2010 blei han utnemnd til Riddar av St. Olavs orden for innsatsen sin for norsk matkultur og akevittkultur. Heuch arbeider no ved Atlungstad Håndverksdestilleri, eit destilleri som er eigd av Anora.
I 2005 blei produksjonsmonopolet oppløyst. Anora er framleis den største produsenten med ein marknadsandel på mellom 70 og 80 prosent, men det har dei siste åra komme fleire nye norske destilleri. Den første lisensen blei tildelt K. G. Puntervold/Agder Brenneri i Grimstad. I 2014 blei bedrifta kjøpt av Det Norske Brenneri, og destilleriet er i dag den nest største produsenten av akevitt i Noreg. Det blir også produsert akevitt mellom anna på Egge gård i Lier, hos Ægir Bryggeri i Flåm, Aurora Spirit i Lyngen og Oslo Håndverksdestilleri på Bryn i bydel Alna i Oslo og på Sve Gard i Vågå.
I 2013 inngjekk Arcus (nå Anora) ein avtale med Atlungstad Brenneri om å få leige produksjonslokale på brenneriet, og i 2019 blei Atlungstad Håndverksdestilleri etablert. Brenneriet er no freda av Riksantikvaren, og det er eit nasjonalt industrielt kulturminne og dessutan eit musealt formidlings- og opplevingssenter. i 2022 mottok Atlungstad Brenneri den høgthengande europeiske kulturprisen Europan Heritage Award/Europa Nostra Award i kategorien Bevaring og tilpassa gjenbruk.
Kommentarar (2)
skreiv Helle Alfsen
svarte Anne Marit Godal
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.