Ad hoc er eit latinsk uttrykk som betyr «til dette», eller «til dette bestemte siktemålet». Det motsette er permanent.

Faktaboks

Uttale

ad håkk

Etymologi
frå latin, grunntyding ‘til/for dette’, det vil seie ‘til/for denne saka’

Ein ad hoc-komité er ein komité som er oppretta for eitt formål, og som regel for eit kort tidsrom.

Ei ad hoc-løysing er gjerne konstruert med eitt mål for auget, og det motsette av ei prinsipiell løysing.

Ein ad hoc-hypotese er ein hypotese som blir introdusert berre for å redde teorien eller hovudhypotesen ved negative eksperimentelle resultat.

Les meir i Store norske leksikon