Den siste delen av Zhou-dynastiet fall saman med Kinas første og kanskje største kulturblomstring, då Kinas klassiske litteratur vart til. Omvandrande filosofar spelte ei rolle som rådgivarar for fyrstane, som samla skarar av disiplar om seg og skipa lærdomsskular som underviste i dialektikk, statsmannskunst og ritualvesen. Av desse konkurrerande retningane vart den konfutsianske av størst historisk betydning.
Austre Zhou vart ein ekstremt formativ periode for Kina. Jamvel dei kinesiske orda for eigen etnisitet og kultur stammar frå denne perioden. Den enorme utviklinga særleg innanfor idear blir gjerne tilskrive den politiske fragmenteringa. Viktige tenkjarar som Konfutse, Zhuangzi, Laozi, Mozi, Mengzi og Xunzi levde alle i denne perioden. Dei fleste hadde Kinas politiske kaos som utgangspunkt for filosofering.
Også i materiell kultur vart det gjort framsteg (jernet kom i bruk mot slutten av Zhou, kamelen og eselet på 200-talet fvt., plog trekt av oksar på 600-talet fvt., matpinnar, lakk og betre skrivereiskapar). Samfunnsstrukturen var aristokratisk-oligarkisk med eit utprega skilje mellom adelen og folket. Storparten av befolkninga var landsbybønder som budde i hòler i løssjord (som til dels enno i Shanxi) eller i hytter av stampa jord. Dei fekk bruksrett til jorda, som adelen åtte. Avlinga bestod av ris, kveite, hirse, hamp, silke og så vidare. Til husdyra høyrde også vassbøffelen, som var trekkdyr.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.