Faktaboks

Vinstre
Vinstri, Vinstervatn
Region
Innlandet
Kommune
Øystre Slidre
Vassdrag

Glommavassdraget

Viktigaste tilløp
Vinsteråne
Viktigaste utløp
Vinstra
Areal
27,8 km2
Høgd over havet
1032
Reguleringshøgd
1028–1032
Djupn
37
Magasinvolum
102 mill. m3

Vinstre er eit fjellvatn i Vinstravassdraget, Øystre Slidre kommune, Innlandet. Vatnet har tilløp frå Bygdin og avløp ved elva Vinstra mot nordaust til Sandvatnet, Kaldfjorden og Øyvatnet som er oppdemt til ein sjø, vidare til Hersjø og Olstappen og derifrå vidare til Gudbrandsdalslågen.

Vinstre vart regulert i samband med anlegget av Øvre Vinstra kraftverk. Det er atskillig seterdrift langs vatnet. På nordsida ligg Haugeseter fjellstue ved Jotunheimvegen (Vinstra-Bygdin).

Kart

Vinstre
Vinstre
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon