Vinstra er ein tettstad i Nord-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,1 km², og har 2637 innbyggjarar (2023).
Vinstra er administrasjonssenter i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Etter kommunalt vedtak i 2013 kan Vinstra kallast by.
Vinstra har utvikla seg til eit handels- og sørvissentrum for Midt-Gudbrandsdalen, og har stor turisttrafikk. Det finst ein del industri, mellom anna betong- og sementvarefabrikk, treindustri og mølle. Fleire verksemder har utspring i rike handverkstradisjonar, mellom anna møbelproduksjon. Vinstra vidaregåande skule har i tillegg til studiespesialisering òg handverks- og industrifag, musikk, dans og drama og landsline for folkemusikk.
Sødorp kyrkje er frå 1752. Ved Vinstra er det funne fleire helleristningar frå steinalderen. Peer Gyntgården, Hågå, har 15 gamle hus. Minnesteinen over segnskikkelsen Per Gynt er reist på Sødorp gamle kyrkjegard. Det blir arrangert eit årleg Peer Gynt-stemne med mellom anna teateroppsetjing av Henrik Ibsens Peer Gynt i friluft.
Gjennom Vinstra går Dovrebanen og E6. Frå Vinstra går Peer Gynt-vegen over Gålå til Lillehammer og Per Gynt seterveg via Rondablikk til Kvam. Vestover går fylkesveg 255 gjennom Skåbu via Espedalen til Lillehammer.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.