Faktaboks

Etymologi

Norrønt vinjar, fleirtal av vin, 'eng'.

Administrasjonssenter
Åmot
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
3 851 (2024)
Landareal
2 725 km²
Høgaste fjell
Nupsegga (1674 moh.)
Innbyggjarnamn
vinbygg, vinbyggje (kvinne), vinbygge (mann), raulending
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4036 (frå 2024, tidl. 3825 og 0834)

Kommunevåpenet har ein geitebukk i sølv mot ein blå bakgrunn.

Telemark fylke

Rauland er ei utprega fjellbygd, og er kjent for sin gamle byggekunst. Biletet syner gamle gardar ved austenden av Totak.

Av /KF-arkiv ※.

Vinje er ein kommune i Telemark fylke, lengst nordvest i fylket. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Vinje og Rauland. Vinje er den største kommunen i fylket i utstrekking, og grensar i vest til Agder, Rogaland og Vestland fylke.

Kommunen omfattar Kvennas, Songa/Tokkes og Vinjevassdragets dalføre med sidedalar og omliggande fjellområde. Fjelltraktene nord i kommunen utgjer Hardangerviddas søre del, som i alt utgjer to tredelar av kommunearealet.

Natur

Vinje

Vinje. Vinjevatnet og Vinje kyrkje.

Av /NTB Scanpix ※.

Berggrunnen er grunnfjell, vesentleg granittisk gneis og granitt. Vassdraga i kommunen, med stor vassføring og store høgdeskilnader, har gitt føresetnader for stor kraftutbygging. I dalane er det godt med skog.

Den sørlegaste delen av Hardangervidda nasjonalpark ligg i Vinje kommune. I tillegg er eit område aust for Møsvatn verna som landskapsvernområde. Den ubygde delen av Møsvasstangen er eit viktig fuglefredingsområde, internasjonalt verna gjennom Ramsar-konvensjonen. I alt er 27 prosent av kommunens areal verna natur.

Befolkning og busetnad

Folketall
Folketall i Vinje 1960-2023.
Folketall
Lisens: CC BY SA 3.0

Folketal

tidspunkt
1951 3375
1952 3389
1953 3399
1954 3424
1955 3422
1956 3406
1957 3556
1958 3681
1959 3837
1960 3941
1961 3964
1962 4084
1963 4180
1964 4221
1965 4138
1966 3949
1967 3885
1968 3881
1969 3838
1970 3865
1971 3876
1972 3878
1973 3873
1974 3893
1975 3862
1976 3847
1977 3907
1978 3934
1979 3944
1980 3945
1981 3950
1982 3966
1983 4020
1984 4015
1985 3981
1986 3994
1987 3950
1988 3919
1989 3959
1990 3917
1991 3959
1992 3956
1993 4006
1994 4032
1995 4008
1996 4010
1997 3988
1998 3932
1999 3894
2000 3869
2001 3832
2002 3850
2003 3812
2004 3756
2005 3758
2006 3694
2007 3684
2008 3635
2009 3662
2010 3641
2011 3661
2012 3700
2013 3721
2014 3723
2015 3689
2016 3727
2017 3726
2018 3709
2019 3723
2020 3676
2021 3756
2022 3755
2023 3832
2024 3851
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Folketalet auka svakt på 1900-talet fram til 1960 og heldt seg så stabilt til 1990-åra. Ein tilbakegang gjennom 1990-talet og 2000-talet er avløyst av vekst. I tiårsperioden 2015 til 2024 auka folkemengda med 4,4 prosent, mot 3,0 prosent i Telemark fylke.

Busetnaden følgjer i hovudsak Vinjevassdraget og Tokke, nordbreidda av Totak, ved Møsvatn og i Øyfjell heilt i søraust. Administrasjonssenteret Åmot ligg heilt søraust i kommunen.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Vinje. Tettstadene er til saman 2,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Åmot ¹ 716 19 % 1,1 km²
Krossen 558 14 % 0,9 km²
Sum 1 274 33 % 2,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Vinje kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Åmot omfattar delar av kommunane Vinje og Tokke. Den delen av tettstaden Åmot som ligg i Vinje kommune omfattar 99 % av folketalet og 99 % av arealet i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Vinje (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jord- og skogbruk er framleis viktige næringar i Vinje, særleg i kombinasjon med gardsturisme, hytteutleige, jakt og fiske. Kommunen har stort saue- og geitehald, men storfe betyr òg mykje. Elles er et mest småindustri; noko verkstadindustri, næringsmiddelindustri, trevare- og møbelindustri. Kunsthandverk utgjer eit monaleg innslag, med mange heil- og deltidssysselsette.

Kommunen har stor turisme, med fleire hotell og turisthytter. Ved Edland ligg Haukelifjell Skisenter. Vinje er ein av landets største hyttekommunar med 5834 hytter og fritidsbustader (2024). Sidan 2006 har talet på hytter auka med 80 prosent.

Vinje er kommunen med tredje størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 2038 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Vinje (i drift fra 1964), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Songa (1964) og Kjela (1979). Statkraft Energi er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Samferdsel

Kart: Vinje kommune i Telemark
Vinje kommune i Telemark fylke.
Kart: Vinje kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Fleire viktige vegar går gjennom Vinje, mellom anna E134 (FrognHaugesund), det sentrale sambandet mellom Vest- og Austlandet sør for Hardangervidda. E134 følgjer Vinjeåas dalføre frå Åmot og nordvestover. Frå Haukeli tek riksveg 9 av til Kristiansand, frå Åmot tek fylkesveg 37 av nordover til Rauland–Rjukan og fylkesveg 38 sørover til Dalen–Vrådal.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Vinje høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Tokke.

Vinje kommune svarer til dei fire sokna Grunge, Rauland, Vinje/Nesland og Øyfjell i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vinje til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vinje

Myllarheimen
Husmannsplassen Kosi i Arabygdi. Her budde Myllargutten dei siste tjue åra av livet sitt.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

For statistiske formål er Vinje kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

  • Vinje: Nesland nedre, Mannås/Åbø, Hylland, Kostveit, Særensgrend, Bøgrend, Smørklepp, Grungedal, Edland, Haukelid, Vestheiane, Vågslid, Songa vest
  • Rauland: Øyfjell, Rorge, Austbø, Møsstrond, Nesland øvre, Hadland, Raulandsgrend, Arabygdi, Songa aust, Møsvatn vest, Møsvatn aust

Historikk og kultur

Ølbolle frå Rauland, 1789.
/Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY SA 2.0

Mange kjende kunstnarar, musikarar og forfattarar er fødde i Vinje eller har hatt sin heimstad her. Tarjei Vesaas' og Halldis Moren Vesaas' heim Midtbø er open for besøk. I Åmot sentrum står eit monument over Tarjei Vesaas av Tone Thiis Schjetne. Ved Vinje kyrkje ligg Vinjestoga, der Aasmund Olavsson Vinje voks opp. Vinjesenteret, nasjonalt senter for dikting og journalistikk, formidlar mellom anna forfattarane Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa, som òg var fødd i Rauland. Av nålevande forfattarar kan nemnast Stein Versto.

Folkemusikken har alltid stått sterkt i Vinje. Myllargutten Torgeir Augundsson levde dei siste åra av livet sitt i Rauland. Ifølgje tradisjonen var det ved Edland Myllarguten lærte felespel av fossegrimen. Tradisjonen etter Myllargutten vart ført vidare av mellom andre Haavard Gibøen og Eivind Mo, i seinare tid av mellom andre Tarjei Romtveit og Ottar Kåsa. Innanfor den vokale folkemusikken og visesongen kan nemnast Ingebjørg Bratland, Aslak Brekke, Sondre Bratland, Arve Moen Bergset og Odd Nordstoga.

Også innanfor rosemåling og treskjering har Vinje fostra mange kjende namn: Olav Olavson Skraddaren, Tor Sveinson Øykjelid, Sveinung Svalastoga, Halvor Teigen og i nyare tid Øystein Vesaas. Ei freda stove på Uppstoga er dekorert av den eldste bygdemålaren vi kjenner namnet på, Talleiv Halvorson Espetveit, ofte berre kalla «Talleiv målar». Rauland Kunstmuseum har mellom anna samlingar av bilethoggarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland. Ved Grunge kyrkje står Dyre Vaas monument Kvinna med brødet. Vinje Biletgalleri har samlingar av kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle, som arbeidde mye i Vinje. Universitetet i Søraust-Noreg har ei avdeling i Rauland med studium mellom anna innanfor folkekunst og folkemusikk.

Møsstrond kyrkje er landets høgastliggjande kyrkje (950 meter over havet), og ligg på ei øy i det oppdemde Møsvatnet. Møsstrond har òg landets høgastliggjande gardsbruk (1000 meter over havet). Vinje kyrkje er frå 1796.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har ein geitebukk i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer saue- og geitehald.

Kart

Kart over Vinje kommune
Kart over Vinje kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berge, Rikard: Vinje og Rauland, 1940–75, 4 b.
  • Kostveit, Øystein: Kulturhistorisk vegbok for Vinje, Rauland, Haukeli, 1999
  • Kostveit, Øystein: Rauland i Telemark: ei fjellbygd mot Hardangerviddi, 1994
  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004
  • Vinje, Arne: Kult og kyrkje: soga om Vinje kyrkje og staden der ho stend, 1996

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg