Glittertinden
Frå Veodalen er det utsikt mot Glittertiden.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Veodalen er ein dal i Aust-Jotunheimen, i Lom og Vågå kommunar, Innlandet fylke.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt viðr, ‘skog’.

Dalen byrjar nedunder Veobrean aust for Leirhøe (2330 moh.) og munnar ut i Sjodalen som ein hengande dal. Dalen er om lag 30 km lang, den øvre delen ligg i Jotunheimen nasjonalpark. I Veodalen ligg Glitterheim turisthytte. Det går bilveg inn dalen frå Randsverk. Den siste delen av vegen inn til Glitterheim opna i 1965.

Gjennom dalen renn elva Veo. Frå Veodalen ned i Sjodalen har elva skore ned ein tilpassingscanyon. Veogjelet er verna som naturreservat. Gjelet har urskognær furuskog med stor artsrikdom. I Veodalen står det høgast veksande bjørketreet som er funne i Noreg, på 1404 moh.

Eit omfattande nett av fangstgraver og bågestille i den nedre delen av dalen ber bod om storstilt og organisert reinsjakt i jernalderen og seinare. I alt er det registrert om lag 500 fangstgraver i Veodalen.

Kart

Veodalen
Veodalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Henriksen, Vera: Veodalen : en dal og dens folk, 2001, isbn 82-02-20890-4