Vega er eit kvinnenamn som eigentleg er spansk form av arabisk al-Waki som tyder ‘den stupande’ (om ørn). Vega er også namnet på den mest lyssterke stjerna i stjernebildet Lyren.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var butikkjomfru i steintøymagasin Vega Ljunggren fødd 1879 i Kristiania. Ho hadde svensk far og norsk mor. På ein ekspedisjon med skipet Vega (1878–80) fann den finlandsk-svenske polarfararen Adolf Erik Nordenskiöld Nordaustpassasjen. Denne fyrste Vega i Noreg (fødd 1879) er truleg oppkalla etter skipet Vega.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vega som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon