Under valet mellom monarki og republikk i 1905 var den redaksjonelle linja til Varden glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelse mod.» Medan resten av fylka i Noreg røysta for monarki, gjekk republikanarane av med sigeren i Telemark (dåverande Bratsberg amt). Varden kunne nok ta ein god del av æra for det.
Bortsett frå under andre verdskrigen, då avisa hadde ein redaktør innsett av NS, var Varden ei rein partiavis for Venstre fram til 1953. Men då partiet støtta dei såkalla «thagaardske prislover» om staten som regulerande instans for prisfastsetjingar, var denne «tvangslova» i så sterk strid med dei liberale tradisjonane i avisa at Varden gjekk over til å støtte Høgre. I alle år fram til tidleg på 1990-talet, då banda mellom parti og presse jamt over var blitt kutta over heile landet, hadde Varden ein klår Høgre-profiI.
I 1954 kjøpte Varden forlagsretten til Fylkesavisen, som og var ei Høgre-avis, og Rjukan Dagblad i 1967.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.