Faktaboks

Administrasjonssenter
Fiskå
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
3 026 (2024)
Landareal
365 km²
Høgaste fjell
Blæja (1143 moh.)
Innbyggjarnamn
vanylving
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Vanylven kommune i Møre og Romsdal
Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Vanylven kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vanylven

Utsyn over bygda Åheim med Vanylvsfjorden bak. Dei raude bygningane ved sjøen høyrer til den største bedrifta i kommunen, Sibelco Nordic. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vanylven er ein kommune lengst sørvest i Møre og Romsdal fylke, rett aust for Stadlandet. Kommunen omfattar landet mellom Rovdefjorden i nord og fylkesgrensa mot Vestland fylke i sør og strekkjer seg austover til vasskiljet mellom Syvdefjorden og Dalsfjorden.

Vanylven blei oppretta som kommune i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Syvde i 1918 utskilt som eigen kommune. I 1964 blei Syvde, som då hadde 1458 innbyggjarar, slått saman med Vanylven igjen, samtidig som den dåverande kommunen Rovde sin fastlandsdel (436 innbyggjarar) blei lagt til Vanylven. Dei noverande grensene sine fekk kommunen i 2002, då Åram krins ytst på halvøya mellom Vanylvsfjorden og Syltefjorden blei overført frå Sande til Vanylven.

Vanylven grensar til Volda i aust og Stad i Vestland fylke i sør og sørvest. I vest går kommunegrensa mot Stad i Vanylvsfjorden. I Haugsfjorden i nordvest grensar Vanylven mot Sande, likeins i nord i Hallefjorden/Rovdefjorden. I Rovdefjorden lengst nordaust grensar Vanylven mot Herøy (sjå Rovde).

Natur

Berggrunnen i heile kommunen består av ulike typar gneis av grunnfjellsalder som seinare stadvis er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå den kaledonske orogenesen). I eit område innanfor Åheim sørvest i kommunen er det blottlagt olivinstein (sjå dunitt), ein djupbergart som er trengd gjennom gneisen i området. Førekomstane har gitt grunnlag for ei stor bergverksverksemd.

Det meste av landskapet består av avrunda, skogberre fjell med toppar som når over 900 meter over havet i grensetraktene mot kommunane Volda og Stad i aust og søraust. Høgast når Blæja (1142 meter over havet) på grensa til Volda. To tredelar av kommunearealet ligg meir enn 300 meter over havet. Lågare land ligg langs strendene og i nedre delar av dei stort sett tronge dalføra.

Busetjing

Folketal

1951 2022
1952 2030
1953 2028
1954 2008
1955 2015
1956 1985
1957 1979
1958 1970
1959 2000
1960 1985
1961 1985
1962 2000
1963 1989
1964 3897
1965 3901
1966 3908
1967 3893
1968 3860
1969 3895
1970 3864
1971 3869
1972 3857
1973 3890
1974 3849
1975 3851
1976 3900
1977 3891
1978 3910
1979 3920
1980 3954
1981 3956
1982 3914
1983 3936
1984 3945
1985 3961
1986 3939
1987 3909
1988 3887
1989 3908
1990 3924
1991 3937
1992 3887
1993 3866
1994 3816
1995 3785
1996 3736
1997 3704
1998 3637
1999 3607
2000 3584
2001 3532
2002 3899
2003 3820
2004 3754
2005 3693
2006 3589
2007 3536
2008 3530
2009 3494
2010 3471
2011 3417
2012 3388
2013 3336
2014 3302
2015 3258
2016 3256
2017 3203
2018 3187
2019 3163
2020 3117
2021 3083
2022 3045
2023 3013
2024 3026
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Det er relativt jamn busetjing langs strendene og i dalføra med noko tettare konsentrasjon i og omkring kommunesenteret Fiskå. Fiskå ligg på nordsida av Syltefjorden, ein kort arm av Vanylvsfjorden. Det er tettare busetjing også på Åheim på austsida av Vanylvsfjordens indre del og i og omkring Syvde inst i Syvdefjorden.

Folkemengda var relativt stabil frå andre verdskrigen og fram til rundt 1990, men har sidan stort sett vist nedgang. I tiårsperioden 2010–2020 var nedgangen gjennomsnittleg 1,1 prosent årleg mot ein vekst på 0,9 prosent for Sunnmøreog 0,6 prosent for fylket samla sett (etter dagens grenser). Blant kommunane i fylket hadde Vanylven svakast befolkningsutvikling i denne perioden.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Fiskå med 487 innbyggjarar (2023). 16 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,7 km².

Kart over Vanylven kommune
Kart over Vanylven kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk står relativt sterkt i Vanylven sjølv om bruka er forholdsvis små. Primærnæringane utgjer tolv prosent av arbeidsplassane til kommunen (2020). Husdyrhald dominerer, særleg storfe, sau og høns. Jordbruket blir til ein viss grad kombinert med arbeid i fiske eller andre næringar.

Industrien utgjer 12 prosent av arbeidsplassane i Vanylven, 19 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning / renovasjon (2019). Innan industrien dominerer bergverksdrift – rundt to tredelar er sysselsette denne i næringa (2019). I denne bransjen finst den største bedrifta i kommunen, Sibelco Nordic AS (tidlegare A/S Olivin), som driv produksjon av olivin og har utskipingshamn på Åheim. Andre bransjar av betydning (med andelen av industrisysselsetjinga i 2019 i parentes): næringsmiddelindustri (14 prosent), trelast-/trevareindustri inkludert møbelindustri (9 prosent) og gummi-, plast- eller mineralsk industri (betongvareproduksjon; 4 prosent).

Av arbeidstakarar som er busette i Vanylven, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen. To prosent arbeider i Ålesund, fire prosent i Ulstein/Hareid, tre prosent både i Sande/Herøy og Ørsta/Volda og seks prosent i kommunane i Nordfjord (2019).

Vanylven er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 13 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 102 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Sørbrandal (i drift fra 1951), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Vedeld (2003) og Røfsdalselva (2019). Tussa Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Småkraft Green Bond 2 med om lag ein femtedel.

I Vanylven (på Fiskå) kjem avisa Synste Møre ut.

Samferdsel

Fylkesveg 61 er hovudvegsambandet både nord- og sørover frå Vanylven. Sørover fører han til riksveg 15 på Bryggja i Stad kommune i Vestland fylke, og nordover fører han til Ålesund via Gurskøya (med ferjesambandet Koparneset–Årvika).

Fylkesveg 652 fører frå fylkesveg 61 på Eidså rundt Syvdefjorden og via Rovde rundt halvøya mellom Syvdefjorden og Voldsfjorden til Lauvstad, som har ferjesamband til Volda på E39. Frå Fiskå ved Vanylvsfjorden i vest fører fylkesveg 5852 nordover og rundt halvøya mellom Vanylvsfjorden og Hallefjorden til Koparneset på fylkesveg 61.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vanylven høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionsråd saman med Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.

Vanylven kommune svarer til dei fire sokna Rovde, Syvde, Vanylven og Åram i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vanylven til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vanylven

For statistiske formål er Vanylven kommune (per 2021) delt inn i tre delområde med til saman 20 grunnkrinsar:

  • Vanylven: Nordstranda, Fiskå, Eide, Tunheim, Sylte, Slagnes, Åheim, Thue, Gusdal
  • Syvde: Øyra, Eidså, Løset, Myklebust, Vik, Nordal, Skår – Eikrem, Rovde, Sundnes
  • Åram: Sørbrandal, Hakallestranda

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein nedovervend, sølvfarga spiss danna ved bogelinjer mot ein grøn bakgrunn, som viser til Vanylvsfjorden.

Namnet kjem av norrønt Vaniflir, det opphavleg fjordnamnet. Førsteleddet er av uviss tyding. Førsteleddet kan ha samanheng med norrønt vaðr, vannr, ‘mørkt‘, ‘fargelaust', 'bleikt' og kan i så fall sikte til olivinførekomstane som til dels ligg oppe i dagen. Sisteleddet iflir kan komme av eit eldre viflir, som betyr ‘lågt, fuktig lende'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bygdebok for Vanylven, 1957–1981, 3. bind av 4

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg