Vangsmjøse er ein langstrekt innsjø i Vang kommune i Innlandet fylke. Vangsmjøse ligg om lag 20 km sør for Bygdin og er gjennomløpt av Begna.
Langs sørsida går E16 mellom Bergen og Austlandet. Her ligg òg kommunesenteret i Vang. I vestre enden ligg bygda Øye med Øye stavkyrkje. På nordsida ragar fjellet Skutshorn over innsjøen. Skutshorn er rekna som rasfarleg og blir overvaka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.