Vågåmo er ein tettstad i Vågå kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,7 km², og har 1482 innbyggjarar (2023).
Vågåmo ligg på deltaet til elva Finna der denne fell ut i Otta i austre enden av Vågåvatnet. Tettstaden er administrasjonssenter i Vågå kommune.
Gjennom tettstaden går riksveg 15 Otta–Stryn–Måløy.
Ovanfor Vågåmo ligg bygdemuseet Jutulheimen, ei avdeling av Gudbrandsdalsmusea. Namnet kjem av Jutulporten, ein naturformasjon ovanfor sentrum som sagnet om jutulen og Johannes Blessom knyter seg til.
Fleire gardar og einskildbygg i og ved sentrum er freda. Dei eldste delane av Vågå stavkyrkje er frå 1100-tallet. Kyrkja vart seinare sterkt ombygd.
Vågåmo er eit senter for hanggliding og paragliding.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.