Faktaboks

Unni Wikan
Fødd
18. november 1944, Ibestad
Verke
Sosialantropolog
Familie

Foreldre: Disponent Hans-Ulve Wikan (1921–1983) og legesekretær Bibbi Olsen (født 1923).

Gift 30.1.1974 med sosialantropolog Fredrik Barth (1928–2016).

Unni Wikan (2016)
Unni Wikan i 2016.
Av /Justis- og beredskapsdepartementet.
Lisens: CC BY NC 2.0

Unni Wikan er ein norsk sosialantropolog. Ho er professor emerita i sosialantropologi, spesialist på leveviset til kvinner i muslimske land og omstridd bidragsytar i den norske integreringsdebatten.

Utdanning og stillingar

Unni Wikan er fødd på Ibestad i Troms. Ho studerte sosiologi i Oslo, sosialantropologi i Bergen og arabisk i Kairo. Ho var vitskapleg assistent ved Universitet i Bergen frå 1970 til 1972, tilsett ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd frå 1973 til 1980 og konservator ved Universitetets Etnografiske Museum i Oslo frå 1981 til 1987. I 1980 tok ho doktorgraden ved Universitetet i Oslo og var professor i sosialantropologi same staden frå 1987 til 2014.

Forsking

Unni Wikan
Unni Wikan
Av /NTB scanpix.

Wikan har gjort storparten av forskinga si i Midtausten og Asia. Ho har gjennomført ei rekke sosialantropologiske feltarbeid: Kairo (1969–1976), Oman (1974–1976), Jemen (1980), Papua Ny-Guinea (1981), Bali (1984–1989) og Bhutan (1989–1994). På grunnlag av desse feltstudiane har ho gitt ut fleire bøker.

I forskninga har Wikan har konsentrert seg om kvinner sitt daglegliv, og brukt deltakande observasjon for å bli kjend med dei. Ho er oppteken av at sosialantropologar må gå bak kulturen for å forstå kva som motiverer folk sine handlingar. Ho slår fast at alle inngår i ein kultur, men ingen er identisk med kulturen.

Kairo

Wikan utvikla ei særskild forskingsmetode, der ho under feltarbeid ikkje legg skjul på sin eigen personlege og kulturelle identitet og – i strid med vanleg feltteknikk – heller ikkje på meiningane sine. Dette gjorde det mogleg for henne å utvikle djupt fortrulege relasjonar til ei gruppe kvinner i Kairos fattigaste slum. Slik fekk ho eit grep på mennesket bak det personlege rollespelet.

Boka ho gav ut om studien, Fattigfolk i Cairo, blei gitt ut på både norsk og engelsk og vekte internasjonal oppsikt.

Oman

Metoden frå Kairo gav spesiell uttelling under feltarbeidet i Oman, som danna grunnlag for doktoravhandlinga hennar, Behind the Veil in Arabia – Women in Oman. Det spesielt interessante var forskjellen mellom manns- og kvinnerolla. I tillegg til dei tradisjonelle kjønnsrollene, fann ho ein mellomtype, den såkalte xanit. Det var ein mann som var kledd halvvegs som kvinne og som hadde tilgang til den kvinnesfæra som normalt er lukka for andre menn enn nære slektningar. Det psykologisk sett oppsiktsvekkande ved funna til Wikan var at det i Oman-kulturen ikkje fann stad den essensialiseringa av kjønnsrollene som er karakteristisk for vestlege samfunn.

Gjennom skildringa hennar ser me ei kvinneverd bak sløret som er full av nærleik og gjensidigheit. Verda til mannen er derimot utan intimitet. Den blir spelt ut på den offentlege scena og er dominert av æresførestillingar. Men det står opent eit høve til å tre inn i verda til kvinnene som transseksuelle, ei rolle som lokalt kallast xanit. Som regel skjer dette i ungdomsåra, men Wikan dokumenterte òg døme på at godt vaksne menn vel xanit-rolla. Gjennom den fortrulegheit ho oppnådde med kvinner og xanit fann ho ut at prostituerte i Oman i regelen er xanit, men då utan at det seksuelle samværet mellom dei og kundane deira blir forstått som eit uttrykk for homofili. Såleis meiner Wikan at xanit verkar å vera ein slags tredje kjønnsrolle. Då ho publiserte funna sine, blei ho erklært persona non grata i Oman.

Bali

Metoden til Wikan ga dei mest oppsiktsvekkande resultata i feltarbeidet hennar på Bali. Balinesarane er kjende for den spesielt elegante og koreograferte atferdsregien sin, som har overraska dei fleste antropologiske observatørar. Wikan oppdaga ei anna verkelegheit bak den harmoniske fasaden. Det daglege rollespelet deira var diktert av eit kulturelt grunnleggjande harmoniparadigme. Det blei dermed oppfatta som farleg å vise sterke kjensler, som til dømes sinne, men også for sterk kjærleik. Sterke kjensler kunne føre til at dei vitale kreftene kom ut av balanse. Desse funna la ho fram i boka Managing Turbulent Hearts. Den er ikkje berre eit bidrag til sosialantropologisk, men også til psykologisk teori og metode. Det er på Bali at folk går amok, ei uakseptabel, men utbredt løysing på dei indre spenningane.

Bhutan

I Bhutan har Wikan bidratt med løysingar på reint praktiske medisinske problem i tilknyting til barnefødslar, som i dei lokale førestillingane er så skitne at mange kvinner føder åleine, og jordmoryrket er ikkje-eksisterande. Dette fører til stor spedbarnsdødelegheit og personlege lidingar.

Samfunssdebattant

I fleire tiår har Wikan hatt tydelege meiningar om norsk integreringspolitikk. Ho har forsvart minoritetsungdomar sin rett til å velje ektefelle og livsstil, og har kritisert politikarar og ekspertar for å skugge unna undertrykkjande tradisjonar i innvandrarmiljø. I bøker og andre medium har ho drøfta det kollektive æresomgrepet som legitimerer vald mot kvinner, og ho seier at storsamfunnet sviktar kvinnene dersom vi ikkje tek æresvald på alvor.

I Mot en ny underklasse (1995) hevdar ho at den offentlege retorikken kring integrering berre bidrar til å tilsløre problemet. Ved å lukke auga for dei verkelege problema særleg innvandrarkvinnene står overfor, utset vi ei konstruktiv løysing av integreringsproblemet. Som følgje av utgivinga blei Wikan engasjert i eit omfattande opplysningsarbeid, både gjennom media og gjennom talrike føredrag landet rundt. I ei omarbeidd engelsk utgåve, Generous Betrayal, reiser ho problemet for eit internasjonalt forum. For ærens skyld (2003) belyser dei muslimske æresdrapa sett både frå ofras og dei mennene som blir drivne til desse brotsverka, si side, ikkje fordi dei er monster, men fordi dei er menneske som blir stilte overfor uløyselege personlege verdikonfliktar.

Utgivingar

  • Fattigfolk i Cairo (1976)
  • Behind the Veil in Arabia. Women in Oman (1980), doktorgradsavhandlinga
  • I morgen, hvis Gud vil… Kvinneliv i Cairos bakgater (1983)
  • Managing Turbulent Hearts (1990)
  • Mot en ny underklasse (1995)
  • Generous Betrayal. Politics of Culture in the New Europe (2002)
  • For ærens skyld. Fadime til ettertanke (2003)
  • Medmennesker. 35 år i Kairos bakgater (2004)
  • Om ære (2008)

Prisar

I 2004 fekk ho Fritt Ords Pris for å løfte fram verdikonfliktar i det fleirkulturelle Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brøgger, Jan: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg