Ulvik er ein tettstad i Ulvik kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 530 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg ved utløpet av Tysso i Ulvikapollen, den inste delen av Ulvikafjorden. Brakanes, som ligg like aust for munninga av Tysso, utgjer tettstadens sentrale del. Ulvik er ein turiststad med ei rekkje hotell og andre overnattingsstader.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.