Dal. Blokkdiagrammet viser et landskap med noen typiske dalformer: en U-dal og en hengende tverrdal, begge skurt ut av istidens breer, og i bunnen av U-dalen en V-formet dal, gravd ut av en elv.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

U-dal er ein dal som er danna av breerosjon og har eit karakteristisk U-forma tverrsnitt.

Gjentekne nedisingar over Norge, under istidene, følgde dei tidlegare elvedalane og kanaliserte isen som vidare eroderte og forma ut djupe U-forma dalføre. Der botnen av dalen vart senka under havnivå kallar vi fjord.

Hovuddalføra i Norge som Gudbrandsdalen, Hallingdal og Numedal er alle kjenneteikna med eit U-forma tverrsnitt med rette og parallelle dalsider, flat dalbotn og lange strekningar med rolegstraumande elv.

Les meir i Store norske leksikon