Mange av småøyane, særleg dei skifrige i sør, er svært fruktbare, det same gjeld også mange av dalføra, som har god moldjord. Samla sett har likevel Tysnes forholdsvis lite dyrka jord. Fire av dei andre sju sunnhordlandskommunane (inkludert Austevoll) har såleis større jordbruksareal. Tysnes har derimot det nest største skogarealet blant sunnhordlandskommunane. Skogen finst særleg i dei indre, lågare områda på Tysnesøya og på Reksteren. I 2021 blei det avverka 12 200 kubikkmeter tømmer i kommunen. Kommunen har elles noko fiskeoppdrett.
Jordbruket er basert på husdyrhald, særleg storfe og sau. Det forholdsvis milde kystklimaet gir gode beiteforhold. Samla har primærnæringane 19 prosent av arbeidsplassane i Tysnes kommune (2022), den klart høgaste prosentdelen i desse næringane blant kommunane i dåverande Hordaland fylke.
Utanom offentleg og privat tenesteyting og primærnæringane er industrien inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning/renovasjon den viktigaste næringa i kommunen med i alt 17 prosent av arbeidsplassane, herav fem prosent i industrien åleine (2022). Tysnes har enkelte mindre verksemder innan verkstad-, trelast-/trevare- og næringsmiddelindustri.
Tysnes har lite vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 5,58 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Flatråker (i drift fra 2003), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen.
Av dei yrkesaktive som er busette i Tysnes, har 32 prosent arbeid utanfor kommunen (2022); ni prosent arbeider i Bergen, i alt åtte prosent i dei andre sunnhordlandskommunane inkludert Austevoll og i alt fem prosent i Kvam og Bjørnafjorden (2022).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.