Bymålet i Trondheim er eit klart trøndersk mål med mange innslag frå bygdemåla rundt ikring byen, særleg frå fosenmålet.
.
Lisens: fri

Trondheim bymål er eit trøndersk mål, og har særtrekk som er felles for dialektane i Trøndelag.

Dei viktigaste særtrekka i Trondheim bymål er tjukk l og palatalisering av n og l (mannj og ballj) og det ein kallar jamvektssystemet med apokope. I dette systemet vil nokre infinitivar enda på vokal (å værra, å kåmma), medan andre infinitivar har mista endingsvokalen (å kast, å kjøp).

Det har tradisjonelt vore to talemålsvariantar i Trondheim, såkalla «breitrøndersk», knytt til den tradisjonelle (folkelege) bydialekten, og «fintrøndersk», som har mange lån frå skriftmålet. «Fintrøndersken» har historisk hatt høgare status. I dag er dette språklege hierarkiet i oppløysing. Gruppa som brukar «fintrøndersk» har minka kraftig. Det er meir og meir bruk av den folkelege trondheimsdialekten blant dei unge. «Fintrøndersken» har tapt mykje av prestisjen sin, medan breitrøndersken blir vurdert som meir positiv, friskare, meir open og uaffektert.

Framveksten av Trondheim bymål

I mellomalderen var Trondheim eit viktig kyrkjeleg sentrum i Noreg, eit kulturelt kraftsentrum. Etter tilhøva i dåtida var folketalet etter måten stort. Ein må gå ut frå at byen på denne tida hadde sitt eige talemål som på fleire punkt skilde seg frå dialekten elles i landet.

Bydialektar utviklar seg normalt innanfor det dialektområdet byen ligg i, og vil ha felles trekk med bygdemåla i landsdelen. Er det ein større by som er sentrum for ein landsdel, vil talemålet i denne byen ta opp lydlege og grammatiske former som er samlande for landsdelen. Slik har Trondheim vore samlande for Trøndelag og til dels for Nordmøre og Romsdal. Bymålet i Trondheim har eit enklare lydsystem og grammatikk enn det ein finn i bygdemåla rundt. Trondheims bymål er under sterkt press frå skriftmålet. Særleg har påverknaden frå skriftmålet vore sterk innanfor ordtilfanget i bymålet.

«Fintrøndersk» og «breitrøndersk»

«Fintrøndersk» Det normaliserte talemålet

Det normaliserte talemålet i ein by vil som regel ha mange felles drag med det tilsvarande normaliserte talemålet i andre byar. Det er fordi denne språkvarianten ofte ligg nær opp til skriftmålet, som regel bokmål. Også det normaliserte talemålet i Trondheim har trass i dei lokale draga, eigentleg skriftspråket som norm.

Ettersom skriftspråket endrar seg, vil også «fintrøndersken» endra seg, men kan ofte bevara trekk frå ei eldre skriftmålsnorm. Denne varieteten, «fintrøndersk», høyrde opphavleg til dei øvre sosiale laga i byen, og gjer det til dels ennå, sjølv om gruppa «fintrønderar» har minka kraftig. I bydelane Singsaker og Berg er dei kjende for å snakka «fintrøndersk», medan bydelane Lademoen, Bakklandet og Ila blir assosiert med det folkelege talemålet, eller «breitrøndersk».

Fintrøndersk har som nemnt tatt opp i seg trekk frå skriftmålet, men har også nokre meir spesielle språktrekk, som til dømes diftongering av dei lange vokalane, som alle glir i retning av æ: peæn, søæt, fiæn. Eit anna særdrag er trong uttale av diftongane ei, øy og au: jf. døme som jei, mei, reise, løype, røyk, støur og så bortetter.

«Breitrøndersk» det folkelege bymålet

Infinitivsendingar
Bymålet i Trondheim har dei fleste av dei trønderske særtrekka. Bydialekten ligg som dei trønderske dialektane innfor det austnorske jamvektsområdet, og har kløyvd infinitiv med apokope
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Den folkelege utgåva av Trondheim bymål («breitrøndersk») er eit trøndersk jamvektsmål med apokope. Jamvektsorda heiter her å vætta, å kåmma og ei vækka. Overvektsorda har apokope (vokalbortfall): å kast, å kjøp, ei kjist og ei kåp.

I dei inntrøndske områda har jamvektsorda tradisjonelt full utjamning til å–å eller u–u, jf. å fårrå, å gråvvå, ein ståggå, ei vukku, ei fLuggu og så bortetter. Desse formene, som ein altså finn i dei indre trønderske bygdemåla, har i det eldre folkelege bymålet blitt avløyste av tiljamningsformer. Dette er former der rotvokalen og endingsvokalen har nærma seg til kvarandre, men ikkje blitt heilt like. Desse tiljamningsformene har endingsvokalen -a i jamvektsorda, jf. døme som å værra, å vætta, å færra, å levva, å kåmma, å læssa, ein stægga, ein nævva, ein bætta, ein bråtta, ei vækka. Dette er samstundes former som samsvarer med dei ein finn i fosenmålet. Fosenmålet med a-ending i jamvektsorda har vore mønster for det folkelege trondheimsmålet. Grunnen til dette er at dialektformene i Fosen var meir gangbare i byen og mindre avstikkande enn dei inntrønderske utjamningsformene vårrå, våttå, ståggå og vukku.

Også andre ord med å-ending i bygdemåla har i bymålet fått a-ending. Døme på dette er det når fleirtal av svake hokjønnsord i bygdemåla heiter: fLeir klåkkå og fLeir kjistå, medan Trondheim bymål har formene fLeir kLåkka og fLeir kjista og så vidare.

Om det i det folkelege bymålet finst mange ordformer som er knytte til bygdemåla, finst det likevel døme på at det høgare talemålet har påverka dette folkemålet. Slike døme er det når det i «breitrøndersk» heiter båg, språg, et sjib, en dråbe, nøyle (nøkkel), vågne (vakne) og andre.

Endringar i det folkelege bymålet

I dag skjer det endringar i det folkelege trondheimsmålet. Dei typiske jamvektsformene å værra, å vætta, å levva har nå fått apokope, som vil seia same utviklinga som den ein finn i opphavlege overvektsord. Det heiter difor nå ofte i byen: å værr, å vett, å levv, og det heiter å fær, å græv, å kåmm, å læs, å gjør.

I dag høyrer ein også nyare former av mange hokjønnsord av jamvektstypen, jf. uttalen av ord som ei uk, ei fLu, ei sval (for orda veke, fluge og svale). Blant hankjønnsorda finn ein ikkje denne tendensen til forkorting av jamvektsformene. Også blant mange yngre trondheimsfolk heiter det såleis i dag ein bråtta, ein nævva, ein harra og så bortetter.

En god del infinitivar der ein ventar apokope i samsvar med det trønderske jamvektssystemet, held i dag på e-endinga i infinitiv, og får såleis ikkje apokope, jf. å jåbbe, å satse, å sjekke, å stress, å sjåppe, å daffe og andre. Felles for desse orda er at dei er relativt nye i språket.

Kompromiss mellom «breitrøndersk» og «fintrøndersk»

Det folkelege talemålet i Trondheim har tidlegare ikkje hatt særleg høg prestisje. Det var slik at «fintrøndersken» var gangbar i byen i alle samanhengar, medan «breitrøndersken» hadde meir avgrensa bruksområde.

Ein kan i dag slå fast at «breitrøndersk» og «fintrøndersk» ikkje lenger er fullt ut attkjennelege og homogene (avgrensa) variantar. Dette har ført til mellomløysingar. Storparten av byfolk varierer talemålet etter kven dei snakkar med, og kva dei snakkar om.

Det finst også eit etablert mellomsjikt i bymålet, der det i vekslande grad er blanding av dei to ytterpunkta, av «breitrøndersk» og «fintrøndersk». I dette mellomsjiktet kan ein møta språkbrukarar som seier æ (eg), hu og dæmm, vordan, kordan og kolles. Språkbrukaren kan også veksla mellom apokope eller ikkje: å kjøp eller å kjøpe, å bring eller å bringe, å kåmm eller å kåmme.

Ein kan slå fast at det språklege hierarkiet «fintrøndersk» og «breitrøndersk» i dag er i oppløysing. Gruppa «fintrønderar» har minka kraftig. Blant dei unge aukar bruken av den folkelege trondheimsdialekten. «Fintrøndesken» har tapt mykje av prestisjen sin, medan «breitrøndersken» blir vurdert som meir positiv, friskare, meir open og uaffektert.

Særtrekk i fonologien (lydverket)

Tonegang (høgtone og lågtone)

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag), kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Vestlandet og i Nord-Noreg har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet. Dette blir kalla høgtone. På Austlandet og i Trøndelag har ein låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet. Dette blir kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Ord som soLa, boka, døra, armen, bilen er tonem 1- ord. Slike ord og liknande ord har i Trondheim ein tonegang med ein låg tone i første del som ordet, og denne tonen stig så mot slutten av ordet. Ein dialekt som har slik tonegang på orda, blir kalla ein lågtonedialekt. Denne tonegangen er typisk trønderske og austnorske dialektar. Vestnorsk og nordnorsk har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtonedialektar.

Vokalar

I hokjønnsorda av jamvektstypen har ein som nemnt ovanfor fått motsetnad mellom bygdemåla som har å-ending og (våttå, kåmmå) og bymålet med som har endinga -a i slike ord (å vætta, å kåmma).I fleirtal av svake hokjønnsord er det eit tilsvarande forhold: fLeir grytå – allj grytån i dei gamle bygdemåla, til dømes på Strinda og i Malvik, og fLeir gryta – allj grytan i Trondheim.

Arnold Dalen (1972: 35) meiner at vokalen -a i trykklett staving har blitt eit merke på bymålet, endinga -a blir på ein måte ein «byvokal», medan endings -å høyrer heime i «bondemålet». Dette er kanskje forklaringa på at trondheimsmålet har fått former med lyden -a i siste stavinga, i ord som bakkat, tolljat, tahlat, hånat («toskut»), groLat («gjerrig») og fleire.

Vokalutvikling e > æ

I Trondheim høyrer ein former som eit træ, eit knæ, å gLæ sæ, å kLæ på sæ, eit fårkLæ. Dette er former der -e har gått over til -æ, og er spesielle for bymålet. Utgangspunktet for denne overgangen kjem av eldre innlånte fleirtalsformer med vokalen -æ i bymålet. Med slike innlånte former fekk ein bøyinga eit tre – mang trær, eit kne – mang knær. Vokalen -æ smitta så over frå fleirtal til grunnforma i eintal, med denne bøyinga som resultatet: eit træ – mang trær, eit knæ – mang knær og så bortetter. Ein får i bymålet ikkje overgangen e til æ i ord som aldri har hatt -r etter e-en. Det heiter såleis i bymålet framleis eit fe, i ny å ne, på le-sia, isbre og andre. Dialektane utanfor Trondheim har framleis -e i alle dei orda der bymålet har -æ (tre, kne, å gLe seg og så vidare).

Senking av vokalar

Ei senkinga vokalen i til e høyrer ein i trondheimsmålet i nokre få ord, mellom anna i orda ein fesk (fisk) og å drekk (drikke). Også senking av -e til -æ kan ein høyra i nyare lånord i språket til yngre trondheimarar, jf. døme som spækter, kræts, træning, sæntralt og andre.

Palatalisering

Trondheim bymål har palatalisering berre i den trykksterke stavinga først i ordet.
Trondheim bymål har palatalisering berre i den trykksterke stavinga først i ordet.
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Trondheimsmålet har palatalisering (j-uttale) i ord som honnj (hund), ollj (ull), reddj, svettj (sveitt) og så vidare. I bymålet er det slik at i fleirstava ord kjem den palatale uttalen berre fram i den trykktunge førstestavinga. Det heiter såleis i byen fjelljan og balljan, og honnjan (hundane) utan palatal endestaving. Bymålet har her same systemet som det ein finn i dei nordvestlege trøndermåla, medan dei indre nabobygdene i søraust også palataliserer i trykklett posisjon (endestavinga) i orda. I desse inntrønderske bygdene heiter det såleis fjelljanj, balljanj og honnjanj (sjå kart).

Tjukk l

Trondheimsmålet har tjukk l (L) av både norrøn l og norrøn : soLa, fåLk, nidæLva, og eit boL (bord), noL (nord) og gaL (gard). Tjukk l-uttale held seg godt i trondheimsmålet der denne lyden har opphavet sitt i konsonanten l, jf. døma soLa, fåLk, nidæLva, bLå, skoLe, juL og så bortetter. Men typen tjukk l av opphavleg er i dag på vikande front. Det heiter nå for det meste ein går (gard), har (hard), eit jore (jorde), eit bor (bord) og så vidare.

k – kj og g – j

Bymålet har gitt opp konsonantskiftet k – kj og g – j. Døme på denne eldre vekslinga finn ein i ordpar som tak – takje og skog – skojen. I Trondheim heiter det i dag take(t), skogen, bekken, veggen og så bortetter.

Særtrekk i bøyingssystemet (morfologien)

Substantiv

I trondheimsmålet er det slik at alle hankjønns- og hokjønnsord får same same fleirtalsendinga, og då utan -r . Jf. hankjønn: ein båt – mang båta, hokjønn: ei seng – mang senga. I bygdemåla har dei svake hokjønnsorda denne fleirtalsbøyinga: fLeir grytå – allj grytån. I Trondheim er det vokalen -a som rår grunnen, det heiter her fLeir gryta – allj grytan. Sjå ovanfor om endingsvokalane å og a.

Generelt er det slik at i trondheimsmålet har ein også teke i bruk fleirtalsendingane -a og -an i ord der bygdemåla har endingane -e og -en. I bygdemåla heiter det: fLeir nåLe – allj nåLen, fLeir grise – allj grisen. I bymålet heiter det: fLeir nåLa – allj nåLan og fLeir grisa – allj grisan. Andre døme frå bymålet er det når det her heiter: mang vægga, bækka, sønna, bygda, skåLa og så bortetter.

Inkjekjønnsorda har i bestemt form fleirtal endinga -a i bygdemåla rundt byen: allj husa, allj taka, allj ægga og så bortetter. Også her har bymålet tatt i bruk endinga -an: allj husan, takan, æggan, fåLkan, åran.

Bruken av endinga -a ubestemt fleirtal av alle substantiv (mang vægga, bækka, sønna (sjå ovanfor) og også innføringa av endinga -an i bestemt fleirtal av alle substantiv (allj skåLan, allj æggan, allj åran, allj takan) er klare døme på den grammatiske forenklinga ein ofte ser i eit bymål.

Dativ

Eit døme på forenkling i trondheimsmålet er det også når bruk av dativ er borte. Byen ligg som kjent midt i eit eldre dativområde.

Pronomen

Dei personlege pronomena som blir brukt i trondheimsmålet, er desse: æ – mæ, du – dæ, hannj, hu, vi – åss, dåkker – dåkker, dæmm – dæmm.

Når det gjeld eigedomspronomena, har dei fått eit enklare system enn det som gjeld i bygdemåla. I bymålet heiter det i eintal: hannjes og hanjs (hans), hennjes. I fleirtal er formene: vårres, dåkkers og dæmmers.

Verb

Trondheimsmålet har som bygdemåla rundt byen kortformer i presens av sterke verb. Det heiter hannj kjæmm, søv, græv, blæs, finnj, sjøt (skyt). Preteritumsformene av nokre sterke verb, som tidlegare hadde formene braut, løug, fLøug, skøut, krøup, har i dag fått nyare former med y, som i døma brøyt, fløyg, sjøyt, krøyp og så bortetter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dalen, Arnold 1972: Trøndermåla (side 9), Bydialektane (side 33). Trykt i Trøndermål (redigert av Arnold Dalen mfl.). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Dalen, Arnold 1990: Talemålet i Trondheim. Trykt i Jahr Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka. Oslo Novus. (Side 205210).
  • Dalen, Arnold 2008: Trøndermåla frå vår tid tilbake til reformasjonen (frå side 13). Bymål (Side 7483). Trykt i Trøndersk språkhistorie. Språkforhold i ein region (redigert av Arnold Dalen mfl.). Trondheim: Tapir Akademisk forlag.
  • Fintoft, Knut og Mjåvatn, Egil 1980: Språksosiologiske forhold i Trondheim bymål. Kristiansand: Antikvariat Sør A/S.
  • Hårstad, Stian og Torhild Oppsal 2013: Språk i Byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Bergen: Fagbokforlaget.
  • Mæhlum, Brit og Unn Røyneland 2012: Trondheim bymål. Trykt i: Mæhlum, Brit og Unn Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Oslo: Cappelen Damm. (Side 83–85).
  • Sandøy, Helge 2002: Norsk tale i to generasjonar. Trykt i Språknytt 3–4 2002.
  • Stemshaug Ola 1972: Sosiolingvistiske forhold i Trøndelag. Trykt i Trøndermål (redigert av Arnold Dalen mfl.). Oslo: Det Norske Samlaget. (Side 4867).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg