Faktaboks

Tore Storehaug
Fødd
18. februar 1992, Førde, Vestland
Tore Storehaug.
Stortinget.

Tore Storehaug er politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF) frå Sogn og Fjordane i 2017–2021.

Bakgrunn

Tore Storehaug er fødd i Førde (no Sunnfjord kommune) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han voks opp i Askvoll i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk på Hafstad vidaregåande skule i 2008–2011 og tok ein bachelorgrad i historie ved Universitetet i Oslo i 2015.

Politisk karriere

Som 16-åring blei Storehaug fylkesleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) i Sogn og Fjordane og sat som leiar i 2008–2011. Han var medlem av sentralstyret i KrFU i 2011–2014, den siste perioden som internasjonalt ansvarleg, og i 2013 var han samstundes valkampsekretær i KrFU. I 2011 blei han første vararepresentant til fylkestinget i Sogn og Fjordane for KrF. Han var òg politisk rådgivar for Oslo KrF si bystyregruppe i 2015–2017.

I perioden 2017–2021 var han innvald som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Sogn og Fjordane. I denne stortingsperioden var han medlem av energi- og miljøkomiteenStortinget. Dei viktigaste politiske sakene til Storehaug har vore arbeid mot barnefattigdom, for klima, utvikling og skulepolitikk.

Andre verv

I 2015 blei han vald til visepresident i YEPP (Det europeiske folkepartis ungdom), som er det felles europeiske ungdomspartiet for KrFU og Unge Høgre.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker