Tora er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þóra. Namnet er kortform av kvinnenamn på Þor-/-þóra, til dømes Þorbjǫrg og Bergþóra.

Namnet har fleire variantar: Thora, Tora, Tore, Torø.

Namnedag er 19. oktober. Tore og Tore har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tora

Kulturell bruk

  • Tora i Adam Oehlenschlägers tragedie «Hakon Jarl» (1807).
  • Bjørnstjerne Bjørnsons skodespel «Paul Lange og Tora Parsberg» (1898).
  • Tora-trilogien av Herbjørg Wassmo (1981–1986).

Kjende personar med namnet Tora

Eit utval personar med namnet Tora, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 803 kvinner i Noreg som hadde Tora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 23 jenter som fekk namnet Tora.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Tora og Thora slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tora og Thora har ein kurveprofil som liknar på renessansenamna. Dei fekk eit oppsving i siste halvpart av 1800-talet og nådde toppen rundt år 1900. I Snorre er det 11 kvinner som har dette namnet, og foreldra kan ha funne namnet der på 1800-talet. Det kan derfor vere grunnlag for å karakterisere Thora som eit renessansenamn. Sidan år 1900 har Tora vore brukt nesten dobbelt så mykje som Thora.

Utvikling i bruk av namnet Tora frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tora frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tora på 1800-talet.

Tora var mest brukt i på Austlandet, i Agder og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tora på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tora var mest brukt i på Austlandet, i Agder og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thora.)

Historisk bruk av namnet Tora
Historisk bruk av namnet Tora
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon