Etter grunnstudiar i Austerrike kom Luckmann til USA og New York i 1951, og det progressive universitetet New School for Social Research, der han trefte medstudenten Peter L. Berger. Før og under den andre verdskrigen hadde det samla seg ei rad kjende europeiske sosiologiar og sosialfilosofar der som måtte flykte frå nazismen i Europa. Desse vart lærarane deira.
Luckmann ønskte å utfordre den tradisjonelle kunnskapssosiologien frå Karl Mannheim som mest såg på sosial distribusjon av kunnskap i ulike samfunnslag med utgangspunkt i ideologi. Inspirert av Alfred Schutz ønskte han saman med Berger å bringe kunnskapssosiologien inn i sentrum av sosiologisk tenking.
Kunnskap er her teken i vid allmenn meining, og inkluderer både teori, vurdering og handling, men spesielt òg før- eller pre-teoretisk og pre-reflektert kunnskap, den kunnskapen som grunnleggjande strukturerer kvardagslivet i eit samfunn.
Bakgrunn for teoriane om korleis samfunnet er sosialt konstituert, fekk Berger og Luckmann frå Alfred Schutz. Denne sosiologien er bygd på vitskapsteorien til fenomenologiens grunnleggjar, Edmund Husserl, det vil seie frå hans teoriar om livsverda (den naturlege innstillinga til livet i kvardagen) og intersubjektivitet (korleis kunnskapen hos kvart individ er intersubjektivt eller sosialt skipa).
Frå Max Weber, gjennom Schütz, henta dei teoriar om korleis verda er konstituert ved meining eller tyding hos kvar enkelt menneske og i fellesskap. Sosiologien som vaks ut av dette vart ein markant human sosiologi, han var tolkande hermeneutisk og stod i kontrast til reine systemteoriar, særleg strukturfunksjonalisme.
Luckmann kalla tilnærminga si i sosiologi fenomenologisk basert. Med eit fenomenologisk utgangspunkt frå Schutz argumenterte han og Berger i The social construction of reality for ein konsekvent metodologisk individualisme, det vi seie at samfunnsstrukturane på ein eller annan måte kan førast attende til individnivå og studerast med dette individuelle utgangspunktet. Det er her kunnskap i vid meining blir skapt, endra eller halden ved like.
I tilnærminga si argumenterte forfattarane for ei dialektisk forståing av kunnskap i samfunnet eller i sosiale grupper mellom tre faktorar: den grunnleggjande subjektivt innhenta kunnskapen kjem fram i eksternalisering, den intersubjektivt objektiverte kunnskapen kan vi finne i det fellesskapet godkjenner, og den kunnskapen samfunnet så formidlar blir til slutt internalisert individuelt.
Dette kan bli sett på som en kombinasjon av element av samfunnsteoriar frå Karl Marx, Emile Durkheim og Max Weber. Ikkje noko sosiologisk studium kan greie seg utan alle desse tre, meinte dei. Språk er eit godt døme på det denne dialektiske teorien prøver å fange: det er noko vi alle har kvar for oss (subjektivt) og som vi kan bruke for oss sjølve, det blir til sosialt, brukt, endra og halden ved like i sosiale samanhengar (intersubjektivt), og det er fastlagt gjennom symbol eller skriftspråk (objektivt).
Boka tematiserer ei rad vilkår for og funksjon av kunnskapen i samfunnet når den vert brukt i prosessane som gir sosiale fenomen som institusjonalisering, legitimering og identitet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.