Tellnes er eit område med gruveanlegg og vindpark i Sokndal kommune, Rogaland, ved Tellnesvatnet, 3,6 kilometer aust for Jøssingfjorden.

Faktaboks

Også kjend som

Tellenes

Gruvedrift

Titania ilmenitt-brot er Europas største titanjernførekomst og vart oppdaga i 1954. Anlegget vart sett i drift i 1960 og blir drive som dagbrot av Titania A/S.

Ved Jøssinghavn inst i Jøssingfjorden ligg utskipingsanlegget for Titania A/S. Sand og slam frå gruva vart dumpa på Dynga-dypet utanfor fjorden til slutten av 1980-åra. Frå byrjinga av 1990-åra vart gruveavfallet dumpa i Lundetjern.

Vindpark og motorsenter

Tellnes vindparken består av 50 turbinar på 3,2 MW som gir ein årsproduksjon på 600 GWh. Vindkraftverket opna i september 2017.

På Krokheia like ved Tellnesveien ligg Motorcenter Norway. Der finst det både ein racingbane, ein hall for innvendig motocross, gokartbane, dragstripe og eit offroadområde.

Les meir i Store norske leksikon