Talita er eit kvinnenamn som kjem av eit arameisk ord som tyder ‘lita jente’.

Talita finst ikkje som eige namn i Bibelen, men det inngår i den arameiske ytringa «Talitha kumi» som tyder ‘Vesle jente, stå opp!’ Jesus vekte dotter av Jairus til live. Talita og Tabita, som begge er omtalte i Bibelen, har lik bakgrunn på den måten at dei vart vekte til live, den eine av Jesus, den andre av Peter.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Talita som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon