Faktaboks

Administrasjonssenter
Skei
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
5 953 (2024)
Landareal
1 315 km²
Høgaste fjell
Snota (1669 moh.)
Innbyggjarnamn
surndaling
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Surnadal kommune i Møre og Romsdal
Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Surnadal kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Surnadal

Surnadal. Utsikt over Surnadalsøra. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Surnadal er ein kommuneNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på austsida av Halsafjorden og dei indre delane Trongfjorden og Stangvikfjorden. Surnadal omfattar dei austgåande armane av fjorden med dalane innanfor. Desse er Bøfjorden og Åsskardfjorden, Hamnesfjorden med Bøverdalen, Surnadalsfjorden med Surnadalen og Todalsfjorden med Todalen. I sør omfattar Surnadal dei nordaustre delane av Trollheimen.

Surnadal blei oppretta som kommune i 1837, då det lokale sjølvstyret blei innført. Frå kommunen blei Rindal skilt ut og oppretta som eigen kommune i 1858. I siste halvdel av 1800-talet hadde Surnadal fire mindre grensejusteringar mot Stangvik, tre gjaldt utvidingar (1877, 1886 og 1891) og éi gjaldt avståing av eit område (1870). I 1965 blei Surnadal slått saman med Åsskard og med sokna Stangvik og Todal frå tidlegare Stangvik kommune.

Surnadal grensar i nord til Heim i Trøndelag, i aust til Rindal, i søraust til Oppdal i Trøndelag, i sørvest til Sunndal og Tingvoll.

Natur

Langs Surnadalsfjorden og Surnadalen innanfor går eit belte sørvest–nordaust av omdanna bergartar, dels opphavleg sedimentære (mellom anna fyllitt, glimmerskifer og kalk), dels vulkanske (mellom anna grønstein). Retninga på dette beltet er eit resultat av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese). Berggrunnen både nord og sør for dette er av grunnfjellsalder, men er likevel prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. I desse områda består berggrunnen hovudsakleg av gneis, likeins djupbergartar som granitt.

I granittområdet i den sørlege delen av kommunen ligg Trollheimen med ei rekkje toppar med høgder 1200–1600 meter over havet. Blant desse er Snota (1669 moh.), som er det høgaste fjellet i kommunen. Heilt i sør går den tronge, bratte Todalen søraustover frå botnen av Todalsfjorden. Nord for Trollheimen går den breie og opne Surnadalen austover frå Surnadalsfjorden. Her renn elva Surna med sideelvane Rinda, Bølu, Folda og Vindøla, som alle kjem frå Trollheimen i sør. I gneisområdet nord for og parallelt med Surnadalen ligg Bøverdalen med elva Bøvra, som renn ut i botnen av Hamnesfjorden.

Surna er ei kjend lakseelv og har størst årleg fangst blant elvane i fylket (3600 kilo i 2014). Det aller meste av dette er laks.

Busetjing

Folketal

1951 3438
1952 3433
1953 3485
1954 3472
1955 3492
1956 3442
1957 3389
1958 3390
1959 3411
1960 3414
1961 3430
1962 3411
1963 3448
1964 3475
1965 5934
1966 6050
1967 6079
1968 6044
1969 6040
1970 6033
1971 5979
1972 5929
1973 5939
1974 5955
1975 5952
1976 6021
1977 6086
1978 6118
1979 6189
1980 6257
1981 6259
1982 6309
1983 6433
1984 6444
1985 6449
1986 6485
1987 6497
1988 6514
1989 6499
1990 6466
1991 6391
1992 6390
1993 6446
1994 6512
1995 6429
1996 6392
1997 6372
1998 6319
1999 6246
2000 6252
2001 6248
2002 6234
2003 6208
2004 6209
2005 6160
2006 6107
2007 6049
2008 6039
2009 6000
2010 5956
2011 5949
2012 5952
2013 5927
2014 5954
2015 5976
2016 5969
2017 5986
2018 5978
2019 5928
2020 5920
2021 5872
2022 5849
2023 5912
2024 5953
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Hovudtyngda av busetjinga ligg i Surnadalen. Sør for utløpet av Surna ligg Surnadalsøra, som har vakse saman med Skei litt lenger oppe i dalen til ein samanhengande tettstad (Skei/Surnadalsøra). Glærem ligg på nordsida av Surnadalsfjorden. Den spreidde busetjinga i kommunen finn ein langs fjordsidene, særleg ved fjordbotnane, på Eidet mellom Surnadalsøra og Kvanne ved Stangvikfjorden, og i stadvis i dalane innanfor fjordbotnane, framfor alt i Surnadalen aust for kommunesenteret.

Etter krigen heldt folketalet i Surnadal (med dagens grenser) seg relativt stabilt fram til sist på 1970-talet. Deretter følgde ein viss vekst fram til midt på 1990-talet. Sidan har folketalet stort sett gått tilbake, i tiårsperioden 2005–2015 med gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg i Surnadal, mot ein vekst på 0,3 prosent for Nordmøre og 0,8 prosent i heile fylket.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Surnadalsøra med 2867 innbyggjarar (2023). 48 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 3,3 km².

Kart over Surnadal kommune
Kart over Surnadal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Surnadal er ei god jord- og skogbruksbygd, og primærnæringane omfattar ti prosent av arbeidsplassane i kommunen, mot fire prosent i fylket samla sett. Særleg i hovuddalføret er det god jordbruksjord med store bruk og hovudvekt på husdyrhald og korndyrking. Surnadal har klart størst kornareal og storfehald blant kommunane i fylket. Det er også ein del sauehald og noko hønsehald i kommunen. Årleg skogavverking var 32 644 m³ i 2015, som var største i fylket dette året.

Industrien omfattar 14 prosent av arbeidsplassane i Surnadal, 23 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014), mot høvesvis 18 og 27 prosent i fylket samla sett. Dei viktigaste industribransjane i Surnadal er gummi-, plast- og mineralsk industri og trelast- og trevareindustri, begge med 38 prosent av dei tilsette i industrien (2013). Andre bransjar er verkstad-, møbel- og næringsmiddelindustri med høvesvis elleve, ni og tre prosent av dei tilsette i industrien i kommunen (2013). Det blir elles drive ei mindre kalksteingruve i kommunen.

I kommunen er det ein heil del turisttrafikk, og det blir halde fleire festivalar i løpet av sommaren, mellom anna Vårsøgfestivalen i mai/juni og Norsk Laksefestival rundt midtsommar.

Surnadal er kommunen med tredje størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 13 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1014 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Trollheim (i drift fra 1968), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Svorka (1963) og Gråsjø (1970). Statkraft Energi er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Av yrkesaktive som er busette i Surnadal, har 21 prosent arbeid utanfor kommunen, elleve prosent i dei andre kommunane på Nordmøre, fire prosent i Sunndal og to prosent i Trondheim.

Samferdsel

Fylkesveg 65 går ned Surnadalen frå Orkdal og deler seg ved Skei. Nordvestover går vegen vidare til Betna på E39 i Halsa, der det går veg- og ferjesamband vidare til Kristiansund. Sørvestover frå Skei går fylkesveg 670 vidare med veg- og ferjesamband mot Sunndal.

Historikk og kultur

Litografi frå 1800-talet med motiv frå Surnadal med hammarsmie langs fossen.
/Foto: Mats Linder.

I Svinvika på nordsida av Todalsfjorden ligg Svinviks arboret. Arboretet er eigd av kommunen, men blir drive av Nordmøre museum. Det har ei omfattande samling av rododendron og bartre, likeins ein frukthage og ei staudesamling. På Todalsøra er det ei samling omkring den klassiske teikneserien om Vangsgutane. Surnadal bygdemuseum, også det drive i regi av Nordmøre museum, ligg på Åsen gard sør for kommunesenteret.

Mo kyrkje i øvre Surnadal er ei trekyrkje frå 1728 med Y-form. Alle dei andre fem kyrkjene i kommunen er frå siste halvdel av 1800-talet. Dei er alle langkyrkjer i tre, og tre av dei er teikna av Jacob Wilhelm Nordan (Åsskard, Todal og Øye kyrkjer). Størst av kyrkjene i kommunen er Stangvik kyrkje med 600 sitjeplassar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I kommunesenteret ligg Nordmøre Folkehøgskule og Surnadal vidaregåande skole med varierte studieretningar.

Surnadal høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordmøre regionråd.

Surnadal kommune svarer til dei fem sokna Mo, Stangvik, Todalen, Øye/Ranes og Åsskard i Indre Nordmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Surnadal til Nordmør fogderi (futedømme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Surnadal

For statistiske formål er Surnadal kommune (per 2016) delt inn i seks delområde med til saman 32 grunnkrinsar:

  • Mo: Øvre Mo, Nedre Mo nord, Nedre Mo sør, Honnstad, Mogstad
  • Ranes: Ranes, Skei, Grimsmo, Vaseng, Eidet, Sæter, Ytre Sæter, Surnadalsøra, Strand - Torvik
  • Øye: Årnes - Hamnes, Sjøflot - Glærem, Bøvra, Sylte - Berset - Heggset, Øye, Bergheim
  • Åsskard: Settem - Settemsdal, Bøfjorden, Bø, Åsgard - Snekvik, Bæverfjord, Bæverdalen
  • Stongvik: Stongvik, Melhus - Kvanne, Stenberg, Nordvik
  • Todalen: Nedre Todalen, Øvre Todalen

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein skråstilt tvillingstreng i sølv, laga ved taggesnitt mot ein grøn bakgrunn. Dette speglar kommunen geografisk.

Om namnet, sjå Surna.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hyldbakk, Hans: Bygdesoge for Surnadal, 1957-59, 2 b.
  • Hyldbakk, Hans: Heimar i Surnadal, 1966-68, 2 b.
  • Hyldbakk, Hans: Gards- og ættesoge for Surnadal, Nyrevidert utgåve, 1980-1981, 3 b.
  • Mo, P.: Gardtales i Surnadal: frå midtna av 1600 talet til fyrst på 1900 talet, 1928

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg