Faktaboks

Sunnfjord
Uttale

sunnfjor

Etymologi
norrønt Sunnfirðir 'dei søre fjordane'
Dalsfjorden
Utsikt over Dalsfjorden i Sunnfjord.
Astruptunet
Astruptunet ligg i Jølster og er ein del av Sunnfjord museum.

Sunnfjord er den sørlegaste delen av Fjordane i Vestland fylke og omfattar områda rundt fjordane mellom Sognefjorden og Nordfjorden og innover. Området er større enn Sunnfjord kommune som blei oppretta i 2020. Tidlegare Sogn og Fjordane fylke bestod av dei tre delane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Sunnfjord er også eit prosti i Vestland fylke. Prostiet ligg i Bjørgvin bispedøme og omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, Sunnfjord og Kinn (unntatt sokna Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy, som høyrer til Nordfjord prosti). Frå 2013 høyrer også Hyllestad og Høyanger i Sogn til Sunnfjord prosti.

Førde, Naustdal, Jølster og Gaular kommunar blei einige om å slå seg saman til Sunnfjord kommune i samband med regjeringa Solbergs kommunereform. Dette blei godkjent i Stortinget juni 2017 og tredde i kraft i 2020.

Busetnad

Det største tettstaden er Førde ved botnen av Førdefjorden (10 216 innbyggarar 2015) og Florø på kysten (8864 innbyggarar i 2015); særleg Førde har hatt sterk vekst dei siste tiåra. Andre tettstadar i Sunnfjord med over tusen innbyggarar (2015) er Svelgen (1235), Naustdal (1181) og Dale (1095).

Natur

Utanfor fastlandet, i Ytre Sunnfjord, ligg ei rekkje øyer. Størst er Bremangerlandet heilt i nord. Dette havområdet har talrike småøyer og skjær. Her ligg Stabben fyr, Kinnesund fyr, Ytterøyane fyr og mange fleire som alle er erstatta av automatiske fyrlykter.

Sunnfjord er oppspalta av ein rekkje vest–austgåande trange, til dels krokete fjordar som er klart kortare enn i Sogn i sør og Nordfjord i nord. Dei viktigste er frå nord:

  • Gulen med tre armar: Nordgulen, Midtgulen og Sørgulen
  • Botnafjorden/Norddalsfjorden
  • Solheimsfjorden som leier inn til Eikefjorden
  • Høydalsfjorden
  • Førdefjorden
  • Stongfjorden
  • Vilnesfjorden/Dalsfjorden

Dei fleste av fjordane vert avløyste av vest–austgående dalar innanfor, mange av dei med store vatn.

I aust når Sunnfjord til Jostedalsbreen. Både her og på Myklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 meter over havet.

Namn

Første ledd av sunn, 'sør', brukt om ein fjord som ligg mot sør, her i forhold til Nordfjord.

Kart

Sunnfjord
Sunnfjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg