Faktaboks

Offisielt namn
FORLAGET STRILEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Isdalstø
Dagleg leiar
Anita Sandal
Styreleiar
Marit Kalgraf
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Avishode
Gammelt avishode Stilen.
Avishode
Norsk presses historie.
Tegning Strilen.

Stril er ei nemning på bønder og fiskarar som budde i det nærmaste omlandet til Bergen, så nær at dei kunne ro inn til Bergen på ein dag. Strilane hadde gjerne med ei kipe med fisk som dei ville selje i byen. Ordet stril kan ha ei nedsetjande tyding. Når avisa valde dette namnet, er det både eit uttrykk for sjølvironi og ei markering av at avisa skulle vere eit bygdeblad. Det skulle skrive om «nytt som hender rundt i kring i bygdene» og såleis vere eit alternativ til dagsavisene som dekte «den store vide verda».

Strilelandet femnar om både Nordhordland, som ligg nordvest for Bergen, og Midthordland. Sjølv om namnet kan tyde på noko anna, har ho likevel definert seg som avis for Nordhordland. Dette er «ei eining for seg sjølv: historisk, kommunepolitisk og kulturelt», som det står i det første nummeret.

Tegning Strilen.
Norsk presses historie.

Strilen er ei norsk lokalavis som kjem ut på Knarvik i Alver, i papirformat to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart grunnlagd i 1961, og har nedslagsområdet sitt i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Strilen har frå 2023 Polaris Media som hovudeigar.

Digitalt

Strilen starta med nettavis i 1999. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld i Strilen til liks med dei fleste andre aviser. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening var det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og nettavisa totalt 12 642 i fjerde kvartal 2023.

Historie

I den første etterkrigstida var kommunane i Nordhordland berre dekte av avisene frå Bergen. Sju eldsjeler frå distriktet syntest det var lite tilfredsstillande, og starta Lindås Bladlag 27. april 1961. Dei første åra kom avisa ut kvar fjortande dag. Den vart vekeavis i 1967, todagarsavis frå 1970 og tredagarsavis frå 1979.

I tida rundt 1960 vart det ikkje starta mange lokalaviser, og nesten alle nykommarar måtte gi seg etter kort tid. Strilen er eit unntak. Grunnen til at den klarte seg, var at den vart driven som eit slags dugnadsprosjekt. Redaktøren var lenge einaste faste medarbeidar.

Midt på 1970-talet skjedde to viktige endringar. I 1974 fekk den ein lokal konkurrent, avisa Nordhordland. Året etter fekk Strilen sin første journalist i heiltidsstilling.

Nordhordland er eit stort og vanskeleg avisdistrikt. Etter kommunesamanslåinga på 1960-talet bestod det av seks kommunar med eit samla folketal på omkring 20 000. I 1975 var det berre i utgivarkommunen Lindås at Strilen hadde meir enn 50 prosent husstandsdekning. Seinare vart denne grensa passert også i Austrheim og Masfjorden.

Opplagsrekord

Fram til midten av 1980-talet konkurrerte Strilen og Nordhordland i ein veksande marknad. Strilen sette opplagsrekord med 7166 i 1986, og Nordhordland gjorde det same året etter. Strilen gjekk likevel med store underskot i 1986 og 1987. I 1988 gjekk den konkurs. Buet vart overteke av eit nytt og meir profesjonelt selskap, og drifta ført vidare.

Frå omorganiseringa i 1988 og fram til 2000 hadde Strilen eit solid forsprang til konkurrenten. Deretter følgde nokre dramatiske år der Strilen mista førsteplassen. Avisa auka frå tre til fire utgåver i veka og sette prisen litt opp, medan Nordhordland heldt fast ved to utgåver i veka og lågare pris. Etter tre år gjekk Strilen tilbake til tre utgåver, men då hadde allereie Nordhordland fått størst opplag.

Opplag

Opplagstal for Strilen, 1986-2023

1986 7166
1988 7067
1990 6384
1991 6655
1992 6276
1993 6402
1994 6401
1995 6678
1996 6314
1997 6462
1998 6476
1999 6377
2000 6637
2001 6091
2002 5826
2003 5636
2004 5551
2005 5263
2006 5306
2007 5311
2008 5357
2009 5371
2010 5316
2011 5363
2012 5208
2013 5141
2014 5049
2015 4823
2016 4855
2017 5273
2018 5668
2019 5708
2020 5659
2021 5561
2022 5519
2023 5350
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1975 4539
1986 7166
2000 6637
2008 5357
2015 4823
2017 5274
2020 5659
2021 5561
2022 5519
2023 5350

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Første nummer av Strilen vart gitt ut i 1961
  • Bergens Tidende vart majoritetseigar i 2008
  • Strilen hadde Schibsted som hovedeigar frå 2012 til 2023

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg