Strand er ein kommune i Rogaland fylke, i Ryfylke, rett aust for Stavanger. Strand omfattar halvøya mellom Fognafjorden/Årdalsfjorden og Idsefjorden, likeins landa på sørsida av Idsefjorden, frå 2020 heilt fram til Lysefjorden.
Til Strand høyrer òg heiene austover til Tysdal og ein del øyar i fjorden i vest. Størst av desse er Idse (5,2 km²), Idsal (3,2 km²), Hidle (Sør-Hidle, 1,4 km²) og Heng.
Strand grensar til Hjelmeland i aust og i Årdalsfjorden i nord. I søraust grensar Strand til Sandnes, likeins i sør og sørvest, i høvesvis Lysefjorden og Høgsfjorden. I vest og nordvest har Strand frå 2020 grense i fjorden mot øyane i Stavanger (tidlegare Rennesøy og Finnøy kommunar).
Strand vart oppretta som kommune i 1837 då det lokale sjølvstyret vart innført. I 1865 vart Høgsfjord skild ut som eigen kommune. Kommunen hadde deretter uendra grenser fram til 1965 då landet på sørbreidda av Årdalsfjorden med 121 innbyggjarar vart overførte frå dåverande Årdal kommune. Frå 1. januar 2020 vart eit område nord for Lysefjorden med mellom anna Preikestolen som ein del av kommune- og regionsreforma overført frå tidlegare Forsand kommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.