Industri og gruvedrift var hovudnæringa i Stord alt frå tida rundt 1920, og frå 1946 og fram til 1970-åra arbeidde meir enn halvparten av alle busette yrkesaktive i industri/handverk og gruvedrift. Drifta i gruvene på Litlabø nord for Storavatnet tok slutt i 1968. I dag er andelen av arbeidsplassane i kommunen i industri redusert til 25 prosent (2023), 33 prosent dersom ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Verkstadindustrien er den heilt dominerande industribransjen og omfattar hovudsakleg bygging av skip og oljeplattformar og maskinindustri (2023). Aker Solutions Stord AS, Wärtsilä AS, og Leirvik AS er dei største verksemdene, og desse saman med fleire mindre verksemder i bransjen arbeider for det meste med offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning.
Aker Stord bygde fram til 1975 supertankarar på inntil 370 000 tonn dødvekt, men då krakket i tankbåtmarknaden kom, gjekk selskapet over til å byggje dekk til dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen.
Stord har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 11,7 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Børtveit (i drift fra 1921), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Lundsæter (1934) og Mehammer II (2005). Sunnhordland Kraftlag er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen
I 2023 var berre litt over ein prosent av dei busette yrkestakarane i Stord knytt til primærnæringane medan snaut 10 prosent hadde arbeid i varehandel og vel fire prosent i hotell- og restaurantdrift.
Stord har om lag balanse mellom talet på arbeidsplassar og busette yrkestakarar, men kommunen har likevel stor både inn- og utpendling. Av dei busette yrkesaktive i Stord har 31 prosent arbeid utanfor kommunen, seks prosent i dei andre sunnhordlandskommunane, tre prosent i Haugesund-området, fem prosent i Bergen-området og fem prosent i Stavanger-området (2023).
Same året var 24 prosent av dei sysselsette med arbeid i Stord busett i andre kommunar; av innpendlarane kom dette året 17 prosent frå dei andre kommunane i Sunnhordland, to prosent frå Haugesund-området og éin prosent frå Bergen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.